Vi stenger den ordinære drifta i perioden 09.desember til 01.april
SPENNANDE PLANAR FOR 2025
Årsaka til den ekstra lange vinterstenginga er at Værlandet Havhotell AS jobbar med eit nytt og spennande konsept frå sesongen 2025, der vi blant anna har planar om å kunne tilby fast matservering til gjestane våre – tilpassa dei ulike sesongane gjennom driftsåret vårt.
Vi tek oss difor litt god tid med førebuingar – slik at vi vert mest mogleg klar med nye tilbod til sesongstarten 01.april : )
KORLEIS KJEM DU I KONTAKT MED OSS NÅR VI HAR VINTERSTENGT?
I stengingsperioden vil det ikkje vere fast dagleg administrasjon hos oss. Bookingtelefonen vår vert ubetjent, men vi les og svarar på henvendelsar sendt på epost til oss.
TIPS: vi har Online Booking der du kan bestille opphald og/eller sjekke kapasitet og prisar frå og med 01.04.
TRENG DU OVERNATTING I FORBINDELSE MED JOBBOPPDRAG?
Vi kjem til å ha eit enkelt overnattingstilbod i midtveker i denne perioden til firma/bedrifter som er på jobb i Værlandet eller Bulandet.
For henvendelse om overnatting hos oss; ta kontakt på epost: post@vaerlandethavhotell.com
Opphald i denne perioden er basert på sjølvhushald (det er minikjøkken i alle rom).
GÅVEKORT
Har du eit ubrukt gåvekort som har utløpsdato før 1.april 2025? Ta kontakt med oss på epost, so finn vi ei god løysing : )
OPPDATERINGAR OG INFORMASJON OM OSS UTOVER VINTEREN OG VÅREN
Følg oss gjerne på Facebook 🙂
Medan vi ventar på ein spennande opning av 2025-sesongen 😉 – her er ein kjekk film frå Værlandet Havhotell og øyriket vårt: