Værlandet Havhotell Rom – Værlandet Havhotell

Rom

Villsauen
Rom nr 2: «Villsauen». Romsleg dobbeltrom.
Havørna 2
Rom nr 6: «Havørna». Familierom.

Værlandet Havhotell består av 8 rom/bueiningar. Begge dei to hotellbygga har spektakulær utsikt over himmel og hav. Alle rom har eit eige tema som pregar fargeval og interiør. Stikkord er hav, natur, dyreliv, geologi, fauna, fiskeri og historie.

Romma våre er innreia med dobbeltsengar og møblar som sikrar deg som gjest eit praktisk og behageleg opphald på Værlandet. Dobbeltsengane er 150 cm breie. NB! Vi ynskjer helst ikkje å dele opp enkeltsengane, men har evt. løysing for adskilte sengeplassar ved oppgradering til familierom. Ta kontakt med oss for meir info om dette.

Det er plassert ei lita sittegruppe med 2 stk lette lenestolar og eit lite salongbord. I tillegg til dette er romma innreia med eit lite kjøkkenbord (50 x 70 cm som kan slåast ut til 90 x 70 cm) og nok stolar/krakkar til antall sengeplassar.

Alle dobbeltrom har eigne bad med dusj.

I kvar bueining er det eit enkelt minikjøkken med:

  • oppvaskkum
  • kjøleskap m/frysar
  • 2 kokeplater
  • mikroovn
  • vannkoker

NB! Det er dessverre ikkje steikeovn og/eller kaffitraktar på rommet.

Kjøkkendelen er enkelt utstyrt for tilbereding av mat, og har service/drikkeglas/vinglas/bestikk til antal sengeplassar i rommet.

Det er eigen balkong (ca 4 x 1,6 meter) til kvart hotellrom. Der er det eit sett utemøblar; 2 stolar + 1 bord. Samanleggbart. I tillegg er det 2 stk gode utestolar plassert i entrèen på kvart rom.

Dobbeltrom/familierom

Seks av våre dobbeltrom kan gjerast om til Familierom. Då koblar vi til eit lite soverom som er i samme bueining som dobbeltrommet. I dette vesle soverommet er det ei plassbygd familiekøye. Mål på køya er:

  • Overkøye 200 x 75 cm
  • Nederkøye 200 x 120 cm

Det er plass til barnefamiliar på inntil 5 pers. Maks antal vaksne på familierom er 3 pers.

Dobbeltrom/HC

To av våre dobbeltrom er handicap/rullestoltilpassa. Desse to romma har ikkje eit ekstra soverom.

Fasilitetar

– TV (norske kanalar)
– Trådløst internet, gratis
– Hårføner
– Godt utstyrt minikjøkken: kjøleskap, 2 kokeplater, mikroovn, vannkoker, kjøkkenutstyr og service til 4-5 pers

Planløysingar: