Værlandet Havhotell Historie – Værlandet Havhotell

Historie

Værlandet og Bulandet ligg på kysten i Sogn og Fjordane med Atlanterhavet som næraste nabo, og har til alle tider vore ei viktig øygruppe for dei som ferdast langs kysten. I dag er vi eit av dei vestlegaste øysamfunna i Norge der det framleis bur folk. Det mange opplev som spektakulært, er vår kvardag.

a
Streten før arbeidet med Værlandet Havhotell tok til. Mektige Alden ligg i bakgrunnen.

Dei siste tiåra har utkantsamfunn som Værlandet og Bulandet blitt meir eksotiske og attraktive reisemål for turistar frå både inn- og utland, og med det har og behovet for overnattingsstadar vakse fram.

Våren 2011 kom ideen om å byggje eit havhotell opp, og det vart raskt klart at klippa Streten kunne vere ein eigna stad for Vestlandet sitt mest unike hotellkonsept. Etter ein grundig innleiande sonderingsrunde vart Værlandet Havhotell prosjektert, planlagt og finansiert i 2014, og grunnarbeidet starta opp i januar 2015. Eit drygt år seinare står havhotellet ferdig, som eit eksempel på kva som kan komme ut av lokalt engasjement, gode samarbeidspartnarar og spenstige ideear.