Velkommen til eit unikt øysamfunn langt vest i havet
Øyriket Værlandet og Bulandet er den perfekte staden for eit sommarleg eventyr litt utanfor allfarvei
-og om du ynskjer å bu på ein overnattingsstad heilt utanom det vanlege, anbefalar vi Værlandet Havhotell som ein god base under opphaldet ditt i havgapet 🙂
Konseptet vårt er Bed & Breakfast. Vi har 8 dobbeltrom der 6 av desse kan oppgraderast til familierom med inntil 5 sengeplassar for barnefamiliar. Frukost vert levert til rommet – nylaga frå Joker Værlandet. Lunsj og middag får du kjøpt på ein av serveringsstadane i Værlandet og Bulandet – eller du kan ordne deg med eit eller fleire enkle måltid i kjøkkenkroken på hotellrommet.
Vi garanterer flott havutsikt frå alle rom, god standard og avslappa atmosfære – altso eit godt utgongspunkt for fine opplevingar av geologi, natur og dyreliv – og ikkje minst: trivelege møter med folkeslaget i Værlandet og Bulandet 🙂
For bestilling og/eller finne datoar for ledig kapasitet, sjekk gjerne ⇒ ONLINEBOOKINGA VÅR