Værlandet Havhotell Romma våre – Værlandet Havhotell

Romma våre

Værlandet Havhotell består av 8 rom/bueiningar. Begge dei to hotellbygga har spektakulær utsikt over himmel og hav. Alle rom har eit eige tema som pregar fargeval og interiør. Stikkord er hav, natur, dyreliv, geologi, fauna, fiskeri og historie.
Nedanfor finn du detaljert info om kva romtypar vi har, og korleis romma er utstyrte.

Villsauen
Rom nr 2: «Villsauen». Romsleg HC-tilpassa dobbeltrom.
Havørna 2
Rom nr 6: «Havørna». Dobbeltrom/Familierom.

Dobbeltrom/familierom

Seks av våre dobbeltrom kan oppgraderast til Familierom. Desse dobbeltromma har eit lite soverom som er i entrèen inne i dobbeltrommet. Det er eiga dør frå gangen i entrèen inn til dette rommet. Vi låser opp, og gjer klart rommet for gjestar der ved oppgradering til familierom. Felles bad i same bueining/hotellrom.

I det vesle soverommet er det ei plassbygd familiekøye. Mål på køya er:

  • Overkøye 200 x 75 cm
  • Nederkøye 200 x 120 cm

Ved oppgradering til Familierom har vi plass til barnefamiliar på inntil 5 pers i same bueining.
Maks antall vaksne i familierom er 3 pers. 

Sjå bilde av det vesle soverommet HER

Vi har ulike prisar på Familierom – barnefamiliar får noko rimelegare pris enn om det er 3 vaksne som skal dele rom.

TIPS: Familierom er òg ei kjekk løysing dersom 2 pers ynskjer kvar sin soveplass, men kan dele bad. Då kjem det evt eit lite pristillegg på dobbeltromprisen.

For meir informasjon om Familierom og prisar, ta kontakt med oss.

ENKELTROM
Det er òg mogleg å bestille enkeltrom hos oss 🙂

HUND
Det er tillatt. Les meir om dette under Praktisk info


Dobbeltrom/HC

To av dobbeltromma våre er handicap/rullestoltilpassa. Desse to romma har ikkje eit ekstra soverom.


Info om korleis romma er utstyrt

Romma våre er innreia med dobbeltsengar og møblar som sikrar deg som gjest eit praktisk og behageleg opphald på Værlandet. Dobbeltsengane er 150 cm breie. Vi ynskjer ikkje å dele opp dobbeltsengane til enkeltsenger, men har løysing for adskilte sengeplassar ved oppgradering til familierom. Ta kontakt med oss for meir info om dette.

Det er plassert ei lita sittegruppe med 2 stk lette lenestolar og eit lite salongbord. I tillegg til dette er romma innreia med eit lite kjøkkenbord (50 x 70 cm som kan slåast ut til 90 x 70 cm) og nok stolar/krakkar til antall sengeplassar.

Alle rom/bueiningar har eigne bad med dusj, og entrè med knagger til yttertøy, og eit garderobeskåp.

I kvart rom/bueining er det eit MINIKJØKKEN med:

  • Oppvaskkum (og utstyr for oppvask; kost, såpe, vaskeklut, tørkehandkle)
  • Kjøleskap m/frysar
  • 2 kokeplater
  • Mikroovn
  • Vannkoker

NB! Det er ikkje steikeovn eller kaffitrakter på rommet.

Sjå bilde av minikjøkken frå eit av romma våre HER

Minikjøkkenet er enkelt utstyrt for tilbereding og servering av mat. Du finn bl.a dette i «skuffer og skap»:

  • 2 stk kasseroller og 1 stk steikepanne
  • Visp, steikespade, ause
  • 1 stk brødkniv, 1 stk skjærekniv, skjærebrett
  • «Røreboller» og desilitermål
  • Service/kaffikopper/drikkeglas/vinglas og bestikk til antall sengeplassar i rommet
  • Vinåpner mm.

Det er eigen BALKONG (ca 4 x 1,6 meter) til kvart hotellrom, og 2 utestolar + eit samanleggbart utebord tilgjengeleg til kvar bueining.


Fasilitetar

  • TV (norske kanalar)
  • Trådløst internett, gratis
  • Hårføner
  • Enkelt utstyrt minikjøkken med: kjøleskap, 2 kokeplater, mikroovn, vannkoker, kjøkkenutstyr og servise