Værlandet Havhotell Praktisk Info – Værlandet Havhotell

Praktisk Info

Velkommen til ein unik overnattingsstad langt vest i havet.

 


Innsjekk og utsjekk

Innsjekk:   frå kl 15.00
Utsjekk:    seinast kl 11.00

Innsjekk for alle gjestar er frå kl. 15:00. Ønskjer du tidlegare innsjekk, ta kontakt med oss dagen før.

Innsjekk og utsjekk
Værlandet Havhotell har sjølvbetent innsjekk med nøkkelboks ved kvart rom. Dagen før ankomst får du SMS/e-post med kode og praktisk informasjon. Vi er tilgjengelege på telefon ved behov.

Betaling
Vanlegvis sender vi betalingslink på SMS eller e-post dagen før ankomst. Du kan betale med Vipps eller kort. Bedrifter kan få faktura.

Ta kontakt om du har spørsmål før ankomst.


Resepsjon og administrasjon

Værlandet Havhotell har ikkje tradisjonell resepsjon, men vi er alltid tilgjengelege for gjestane våre. Med sjølvbetent innsjekk og utsjekk kan du enkelt og fleksibelt komme og gå når det passar deg.

Kontakt og booking
For spørsmål om booking eller andre henvendingar svarer vi på telefon og e-post i kontortida. Vi tilbyr også Online Booking. Les meir om korleis du kjem i kontakt med oss HER

Døgnbemanna vaktsentral
Gjestar kan alltid nå døgnvakt på eige telefonnummer, oppgitt i melding før ankomst og i informasjonsmateriell på rommet.


Våre avbestillingsreglar

Avbestillingsgebyr ved reservasjon av 1-3 rom/bueiningar:

  • Avbestilling seinare enn kl 15:00 TO DAGAR før ankomstdato: 50 % av full pris
  • Avbestilling seinare enn kl 15:00 EIN DAG før ankomstdato: 100 % av full pris

Avbestillingsgebyr ved reservasjon av 4-8 rom/bueiningar:

  • Avbestilling seinare enn kl 15:00 TI DAGAR før ankomstdato: 50 % av full pris
  • Avbestilling seinare enn kl 15:00 TO DAGAR før ankomstdato: 100 % av full pris

Boende gjester som sjekker ut før avtalt avreisedato vil ikkje verte refundert for avbestillte netter.

Vi anbefalar at ein har reiseforsikring som dekkar evt avbestillingskostnadar.



Kva er med i standard rompris?

  • Fantastiske panoramavindauge med direkte utsikt mot havet
  • Kjøken med nødvendig utstyr: steikepanne, bestikk og vannkoker
  • Mikrobølgeomn og kjøleskap med fryseparti
  • Bord og sitjeområde
  • Eige bad med såpe, handkle og toalettpapir
  • Koseleg dobbeltseng, ferdig oppreidd, med ekstra pute i skapet
  • Eige terrasse med sitjemoglegheiter
  • Gratis internett
  • Sluttvask inkludert

NB! Det vert ikkje utført dagleg reinhald under fleirdagars opphald, men vi kan gjerne supplere med nye handkle og toalettartiklar på førespurnad. Ved behov for lett reinhald kjem vi innom etter avtale. Alt dette er inkludert i romprisen.

 


Tilkomst og parkering

Parkering og tilkomst
Hos oss parkerer du heilt utan stress – vi har eigne plassar rett ved hotellbygga, og eit større gjesteområde berre nokre steg unna.

Tilrettelagt for alle
Romma våre er lett tilgjengelege, også for deg som kjem med rullestol.

Lade elbilen medan du kviler
Kom fram, koble til – vi har ladepunkt for elbil rett ved hotellet, slik at både du og bilen får påfyll av energi.


Uteområde

Hos oss kan du alltid nyte frisk sjøluft og utsikt mot havet. Hotellet har terrasse og altan der gjestane kan slappe av, ete eller berre ta inn stemninga.

Kvart rom har eigen balkong med stolar og bord, perfekt for morgonkaffien eller ei stille stund. Rundt husa finn du fleire koselege sitjeplassar som du fritt kan bruke.

Om du har lyst å grille, kan du låne ein av dei små kulegrillane våre og lage ditt eige måltid ute.


Kjæledyr

Det er tillatt med hund på to rom hos oss.
Ta kontakt med oss på førehand for å sjekke om vi har ledige rom tillatt for hund.

Tilleggspris for kjæledyr er kr 500,- per opphald.


ADRESSE OG KONTAKTINFO

Værlandet Havhotell er lokalisert på denne adressa:
Værøyhamnen 57/59 – 6986 Værlandet

Forretnings-/kontoradresse er:
Værlandet Havhotell AS – Værøyhamnen 57 – 6986  Værlandet

Kontakt:
post@vaerlandethavhotell.com
+47 917 30 366 (Måndag til fredag 10:00–17:00)


Ferjeruter

Ferjeruter til Værlandet
Bilferje går frå Askvoll til Værlandet, og overfarten tek ca. 1 time. Ferja er gratis for både passasjerar og bil. Dei fleste dagar går minst 5 avgongar til Værlandet, med litt andre tider i helga.

Reisetips
Bruk Google Maps eller liknande. Legg inn Askvoll som reisemål for å få enklaste rute!

For ferjeavgongar sjå Fjord 1 sin nettside eller appen ENTUR.

Fjord 1


Kor finn du oss?

Værlandet Havhotell ligg på øya Værlandet, vest i havet i Askvoll kommune, Vestland fylke. For å komme til Værlandet må du ta ferje frå Askvoll.

    • Ca. 1 time med ferje frå Askvoll

    • Ca. 2 timar med bil frå Førde

    • Ca. 3–4 timar med bil frå Bergen

  • Det er ca 2 km bilveg frå Værlandet ferjekai til Værlandet Havhotell.

Og her finn du oss: