MATSERVERING
Sjå gjerne òg Værlandet Gjestehamn si Facebook-side for meir informasjon om tilbodet på Kroa i sommer.
MATSERVERINGSSTADER I VÆRLANDET OG BULANDET
Det er i alt 4 matserveringsstadar i øyane med SESONGBASERTE opningstider:
FRUKOST
Vi tilbyr ein enkel og god frukost som blir levert på døra kl. 08.30. Frukosten inneheld o.a. nysteikte rundstykker, pålegg, frukt, juice og kaffi.
Pris. kr. 200,- pr. pers. Denne kan du legge til når du bestiller rom. Vi må ha beskjed om bestillinga seinast kl. 16.00 dagen før.
SJØLVHUSHALD
Alle rom hos oss har minikjøkken, slik at det er mogleg å lage enkle måltid under opphaldet.
Les meir om romma våre og sjølvhushald her.
Matvarebutikkar i øyane
Det er to Jokerbutikkar i Værlandet og Bulandet. Begge tilbyr «digital butikk» og har difor lange opningstider. I perioden juni-aug er Jokerbutikkane sundagsopne.
- Joker Værlandet (ca. 2 km frå hotellet): Måndag til laurdag 07:00–23:00 INFO
- Joker Bulandet (ca. 10 km frå hotellet): Måndag til laurdag 06:00–24:00 INFO
Butikkane har betjening delar av dagen. Når dei ikkje er betjente, kjem du inn via automat utanfor døra med bankkort, og låser deg ut att med strekkoden på kvitteringa. Det er god informasjon både inne og ute om korleis du handlar digitalt.
