Har du lyst til å ta deg nokre avslappande haustdagar tett på havet? Eller treng du overnatting i forbindelse med jobboppdrag?
Eit besøk i Værlandet og Bulandet om hausten vil garantert gje deg mange fine og kontrastfylte opplevingar. På Værlandet Havhotell kan du finne haustroen – uansett kva formålet er med turen ut til øyriket vårt 🙂
HAUSTKONSEPTET VÅRT
SEPTEMBER
Vi tilbyr rom og frukost kvar dag til gjestane våre. Frukost er inkludert i romprisane i september, men om du ynskjer å ordne frukost sjølv går det fint – då trekker vi ut frukostprisen på kr 170,- per pers per dag.
OKTOBER
Vi tilbyr overnatting til litt rimelegare prisar – basert på sjølvhushald. Vi leverer ikkje frukost til gjestane våre* i midtveker, men i helgane kan gjestane våre bestille frukost levert til rommet.
Pris for frukost er kr 170,- per pers per dag. Pris barnefamilier er kr 470,- per dag (3-5 pers).
NOVEMBER
Gode prisar på overnatting. Vi leverer ikkje frukost til gjestane våre*.
*NB! Gjestar med gåvekort inkl frukost får frukost levert til rommet uansett månad : )
PRISEKSEMPEL
September:
- Dobbeltrom/enkeltrom 1 natt inkl frukost kr 1990,-/1820,-
- Dobbeltrom/enkeltrom 2 netter inkl frukost kr 3580,-/3240,-
- Dobbeltrom/enkeltrom 3 netter inkl frukost kr 5370,-/4860,-
Oktober:
- Dobbeltrom/enkeltrom 1 natt eks frukost kr 1550,-/1450,-
- Dobbeltrom/enkeltrom 2 netter eks frukost kr 2700,-/2700,-
- Dobbeltrom/enkeltrom 3 netter eks frukost kr 4050,-/4050,-
Prisen per døgn vert lågare ved opphald lenger enn ei natt.
Er du interessert i FAMILIEROM? Ta direkte kontakt med oss for prisar på dette.
Dette er alltid inkludert i prisane våre:
- oppreia sengar
- handkle og toalettartiklar etter behov
- utvask
- gratis wifi
Ta kontakt med oss for ekstra gode prisar på opphald lenger enn 3 netter.