
Treng du overnatting i forbindelse med jobboppdrag? Eller har du berre lyst til å ta deg nokre avslappande dagar tett på havet? Velkommen som gjest hos oss i vinter!
VINTERTILBODET VÅRT
I perioden 01.11.21 – ca 01.03.22 vil det vere ei litt enklare og meir vintertilpassa drift hos oss. Desse månadane tilbyr vi overnatting til rimelegare prisar – basert på sjølvhushald. Dette inneber at vi hovudsakleg leiger ut rom utan frukost*, og at det ikkje vil vere eit fast tilbod om catering av middag til rommet på kveldstid.
*Gjestar med gåvekort får frukost levert til rommet : )
PRISAR
Det vert reduserte prisar på overnatting hos oss i vinter. Priseksempel i perioden 01.11.21-01.03.22:
- Dobbeltrom/enkeltrom eks frukost 1 natt kr 1350,-/1200,-
- Dobbeltrom/enkeltrom eks frukost 2 netter kr 2150,-*
- Dobbeltrom/enkeltrom eks frukost 3 netter kr 2650,-*
*Prisen per døgn vert lågare ved opphald lenger enn ei natt.
Inkludert i pris er:
- oppreia sengar
- handkle og toalettartiklar
- utvask
- gratis wifi
Ta kontakt med oss for ekstra gode prisar på opphald lenger enn 3 netter.
MAT
Det er eit bra utstyrt minikjøkken i alle romma våre, slik at det er mogleg å lage enkle måltid under opphaldet. Les meir om romma våre HER
Om ein ynskjer å bestille nysteikt pizza, tek Joker Værlandet imot bestilling på dette for henting eller bringing i opningstida si, eller etter avtale. Somme dagar i veka er det middagsservering i kafèen til Joker (Jungeltelegrafen) – eit tilbod som også gjestane våre kan benytte seg av 🙂
BESTILLINGAR OG KONTAKT MED OSS I PERIODEN 01.11-01.03
- Vi tek vi imot bestillingar av opphald på telefon eller epost.
- Det vert dessverre ikkje mogleg å gjere nettbestilling av opphald i perioden nov-febr.
- Kontortid/resepsjonsvakt på telefon vert redusert til mån-fre kl 10.00-17.00.
- Henvendelsar på epost vert hovudsakleg besvart i same kontortid som ovanfor. Vi les epostar i helg, og svarar om vi ser at det hastar.
- Gjestar som bur hos oss kan ta kontakt med oss på eit eige vakttlfnr som ein finn i infoskriv på rommet.
TRENG DU MEIR INFO?
Ta gjerne kontakt med oss på telefon eller epost 🙂
Oppdatert tekst 10.01.22