Værlandet Havhotell Vinterstenging av Værlandet Havhotell – Værlandet Havhotell

Vinterstenging av Værlandet Havhotell

Denne vinteren er det stengt for ordinær drift hos oss i perioden 1.november – 1.mars.

Men vi går ikkje heilt i «vinterdvale» desse 4 månadane 😉 -vi skal blant anna jobbe med litt omorganisering/nye driftsplanar for 2023 – og andre spennande prosjekt som vi håpar å få realisert i løpet av våren/førsommaren 2023 🙂

KORLEIS KJEM DU I KONTAKT MED OSS NÅR VI HAR VINTERSTENGT?
Telefonen vår vert for det meste ubetjent, men vi les og svarar på epost. Sjå Booking og kontakt
Det er òg mogleg å sende melding til oss via Facebook-sida vår – der svarar vi so fort vi kan.

Gjeld henvendelsen din opphald frå og med 1.mars? Sjekk Online Booking for prisar og kapasitet.

GÅVEKORT
Har du eit ubrukt gåvekort som har utløpsdato før 1.mars 2023, og ikkje får brukt det før vi stenger 1.november? Ta kontakt med oss på epost, so finn vi ei god løysing.

OPPDATERINGAR OG INFORMASJON OM OSS UTOVER VINTEREN
Følg oss gjerne på Facebook – der vil vi fortelje om det er noko nytt hos oss + anna stoff som vi syns er kjekt å dele 🙂

Tekst er revidert 05.01.23

Foto: Arne Beck