Kom og opplev Værlandet Havhotell og øysamfunnet vårt i (kanskje..) vinterdrakt!
Ta med borna gratis i midtveka i vinterferien. Utforsk godt oppmerka turløyper i nydeleg øylandskap, ta med skøyter hvis det vert kuldegrader og is på vatnet. Slapp av ilag, og bestill pizza frå Joker Værlandet levert på hotelldøra om de vil!
Vinterferietilbod veke 8 og 9:
- Familierom med plass til 4-5 pers: kr 1580,- pr døgn u/frukost.
Dette tilbodet gjeld midtveke (mån-fre). Familieromma inneheld eit ekstra soverom med familiekøye.
NB! Ynskjer ein frukost levert til rommet må det bestillast i tillegg.
Det er minikjøkken i alle bueiningar, og det er lagt opp til enkelt sjølvhushald med kjøkkenutstyr, service og spiseplass på kvart hotellrom. Les meir HER
Middagsservering i vinterferien
Det er ikkje fast middagsservering i tilknytning til hotellet i vinter. Men vi anbefalar gjestane våre å besøke Havsalaten kjøkken & bar i Bulandet (10 km frå Værlandet). Denne kafèen ligg «vegg i vegg» med Joker Bulandet, og har fast opningstid dei fleste dagane. Følg gjerne Havsalaten på FACEBOOK for info om opningstider, meny mm. Sjå òg Havsalaten si NETTSIDE
Velkommen ut til vinter og vèr hos oss!
Foto: Lena Innbjør Riisnes