Værlandet Havhotell Vinter, ruskevèr og hygge langt vest i havet – Værlandet Havhotell

Vinter, ruskevèr og hygge langt vest i havet

Foto: Lena Innbjør Riisnes, Destiansjon Vest

Kva med å ta ein liten pause frå den vanlege kvardagen i vinter? Hos oss kan du finne roen og senke skuldrane i eit triveleg og roleg bygdemiljø. Kanskje du får oppleve kuling eller storm, enten ute på tur – eller som utsikt frå senga eller lenestolen inne på eit trygt og lunt hotellrom hos oss.

Som gjest på hotellet vårt får du ei unik oppleving. Alle våre rom har enkel luksus og garantert havutsikt, og kvart rom har ulike tema henta frå natur, geologi, dyreliv og næring i øysamfunnet vårt.

Du får fersk frukost levert på hotelldøra om morgonen, og hvis du ynskjer det kan vi blant anna levere ein enkel middag eller lunch til rommet ditt. Les meir HER om dette. Ynskjer du å lage maten sjølv? Det er minikjøkken, kjøkkenutstyr/service og spisemøblar på hotellromma.

Aktivitetar om vinteren er:

  • turar i godt merka turløyper
  • Stormwatching m/lokal guide – ta kontakt for meir info
  • sykkeltur – vi har lang sesong pga lite is og snø 😉

Sjekk Destinasjon Vest for meir info om aktivitetar i Bulandet/Værlandet

Priseksempel i perioden januar, februar og mars 2019:

  • Opphald fredag-sundag i dobbeltrom kr 1850,- pr pers. Inkludert i pris er 2 frukostar og 1 middag* levert til hotellrommet.

*Drikke kjem i tillegg. Middag inkludert i denne prisen er fiskesuppe eller kjøttgryte. Sjå: MENY

For bestilling av opphald til gode vinterprisar og/eller spørsmål, ta kontakt med oss på:

HJARTELEG VELKOMMEN TIL OSS!

Har du planar om å arrangere gruppe- eller firmatur? Les om tilbodet vårt HER