Værlandet Havhotell Vinter- og vårsesongen 2021 – Værlandet Havhotell

Vinter- og vårsesongen 2021

Sundag 03.01.2021. Antydning til kvit vinter her i vest – Alden med «melisdryss».

Godt Nytt År!

Vi takkar so mykje til alle som kom på besøk til oss i 2020, og ynskjer både gamle og nye gjestar hjarteleg velkomne til oss i 2021:)

Etter ein lengre jule- og nyttårsferie, er vi attende som normalt på «kontoret» frå og med måndag 04.januar, og vi opnar opp hotellet igjen for ny sesong fredag 15.januar. 

For bestilling av rom, sjå BOOKING

PRISAR, PAKKAR M.M. VINTER/VÅR 2021

I perioden 15.jan-25.mars køyrer vi litt lågare prisar på opphald hos oss. Priseksempel:

  • 1 natt/2 netter i dobbeltrom inkl frukost til 2 pers kr 1700,-/2900,-
  • 1 natt/2 netter i dobbeltrom utan frukost kr 1380,-/2260,-
  • 1 natt/2 netter i enkeltrom inkl frukost til 1 pers kr 1540,-/2580,-
  • 1 natt/2 netter i enkeltrom utan frukost kr 1380,-/2260,-

NB! Døgnprisane går ytterlegare ned ved opphald lenger enn 2 netter (beste prisane får du ved å bestille direkte hos oss).

PAKKAR

*Weekendpakke med måltid*

Opphald frå fredag-sundag for 2 pers. Pakken inneheld:

  • 2 frukostar
  • Enkelt kveldsmåltid levert til rommet fredag kveld (meny)
  • Hjortemiddag (lokal hjort) levert til rommet laurdag kveld
  • Oppreia sengar, handklesett, toalettartiklar og utvask

Pris kr 1915,- pr pers. Pris gjeld i perioden 15.jan-25.mars.

For bestilling, ta kontakt med oss på tlfnr 917 30 366, eller send ein epost til: post@vaerlandethavhotell.com

*Romantisk avbrekk for 2*

Les om pakken HER

*Workation*

Ynskjer du å ta med deg «heimekontoret» til ein unik stad for nokre dagar? Kombinere arbeid med litt avkobling i eit heilt anna miljø enn du er i til vanleg? Då anbefalar vi deg eit opphald på Værlandet Havhotell 🙂

Vi har ekstra gode prisar på opphald med sjølvhushald hos oss i minimum 3 dagar i midtveker i perioden 15.januar-01.mai. Ta kontakt med oss på epost for meir informasjon om dette. Send epost til: post@vaerlandethavhotell.com

SMITTEVERN HOS OSS

Vi legg til rette for at opphaldet hos oss skal vere so trygt som mogleg, og fylgjer til ein kvar tid både nasjonale og kommunale reglar/tilrådingar når det gjeld smittevern. Lurer du litt meir på korleis vi handterer dette? Ikkje kvi deg på å ta kontakt direkte med oss : )