Ta med familien og opplev livet på kysten med frisk luft og vakker natur på Værlandet og i Bulandet
Vi har mange turløyper som ligg klare for både små og store utforskarar 🙂 Vi kan òg anbefale ganske snøfrie sykkelvegar i øylandskapet 😉
Dei fleste hotellromma våre har 4-5 sengeplassar. Desse er fordelt med dobbeltseng i hovudsoverom og familiekøye i eit lite soverom i same bueining. Det er tilrettelagt for enkelt sjølvhushald i kvart hotellrom:
- Minikjøkken med kjøleskap, koketopp og mikroovn
- Vannkoker
- Utstyr til å lage enkle måltid
- Dekketøy
- Kjøkkenbord og stolar til 5
Frukost er inkludert i standard rompris, men vi har òg prisar på rom utan frukost. Sjå elles sida MAT for meir info om matservering hos oss.
Ting å gjere på i øyane? Besøk gjerne nettsida til Destinasjon Vest for meir info om opplevingar på Værlandet og i Bulandet. Destinasjon Vest kan pakke og organisere ulike aktivitetar – det er berre å ta kontakt 🙂
Meir info om dei ulike arrangementa og tilboda på Kroa i Værlandet Gjestehamn i vinterferien, sjå HER