Værlandet Havhotell Velkommen til VÆRlandshelg i haust – Værlandet Havhotell

Velkommen til VÆRlandshelg i haust

Få opplevingar er sterkare for kropp og sjel enn røft og hardt vestlandsvær – og kos, hygge og god mat og drikke innandørs. Desse opplevingane får du hos oss!

Værlandsbord

Helgane:

  • 13.-15.oktober 
  • 27.-29.oktober

inviterer vi hotellgjestane våre til Værlandsbord laurdag kveld. Maten er bl.a basert på lokale råvarer frå øyane og nærområdet, og vert servert som 3-retters opp til 20 personar og som koldtbord ved meir enn 20 personar. I tillegg får du kortreist Alden-øl frå Kinn Bryggeri, brygga spesielt for øyriket vårt. Elles er det alle rettigheiter for drikke.

Pris Værlandsbord

  • kr 500,- pr pers. Drikke kjem i tillegg.

Frist for påmelding: onsdagen før

Prisar overnatting inkl frukost på Værlandet Havhotell

  • Frå kr 590,- pr pers/døgn i familierom*
  • kr 950,- pr pers pr døgn i dobbeltrom
  • kr 1740,- for enkeltrom pr døgn

*Prisen gjeld 4 pers i familierom. Dette er hotellrom med eit ekstra soverom i same bueining. Felles bad. I desse bueiningane kan t.d 2 par bu ilag.

NB! Stor gruppe som er interessert i å leige heile hotellet? Spør etter ein god pris 🙂

Booking

For bestilling av både rom og/eller Værlandsbord, ta kontakt med resepsjonen i Værlandet Gjestehamn på:

  • Telefon: 95 77 80 71  eller
  • Epost: gjestehamn@vaerlandet.no

NB! Hvis hotellet er fullt, men du gjerne vil ha med deg Værlandsbordet, spør gjerne resepsjonen om alternative overnattingsstadar i nærleiken av havna på Værlandet.

Aktivitetar

Vi anbefalar alle våre gjestar å oppleve mest mogleg av det vi har å by på. Vel mellom alt frå rolege spaserturar i godt merka turløyper, til topptur til Alden – med og utan guide. I tillegg er det mogleg å leige syklar, vi anbefalar varmt ein sykkeltur til Bulandet – lengst vest i øylandet.

Ta gjerne kontakt med Lena Innbjør Riisnes i Destinasjon Vest hvis du ynskjer å få pakka og organisert ulike typar aktivitetar. Sjå det meste av tilbod som finnast i Bulandet og Værlandet, og korleis du kjem i kontakt med Lena HER

Direkte transport med båt til Værlandet

Dersom det er ynskje om direkte transport til oss frå fastlandet for større grupper, t.d. frå Askvoll, Førde og Florø, kan vi organisere skyssbåt. Det er gode kaianlegg i Værlandet Gjestehamn (ca 200 meter frå Værlandet Havhotell)

For meir info om dette; ta kontakt med resepsjonenen eller Destinasjon Vest (kontaktinfo: destinasjonvest.no)