Opplev det heilt nye hotellet vårt – vi garanterer havutsikt frå alle våre rom!
Eit opphald på Værlandet Havhotell vil gje deg spektakulære opplevingar, både i storm og stille, der «himmel og hav møtast».
Alle hotellromma våre er dobbeltrom med enkel luksus og lun atmosfære. Dei fleste romma har eit ekstra soverom med familiekøye, og er difor godt eigna for t.d familiar. Alle rom har minikjøkken med utstyr til 4 pers.
Pris for eit dobbeltrom inkl. frukost: kr 1900,- pr natt.
I menyen øverst finn du meir detaljert info om ulike prisar, rom, mat, booking mm.
NB! Ynskjer du å bu hos oss over lengre tid? Ta kontakt for rabatt 🙂