Værlandet Havhotell Velkommen til påskeferie hos oss – Værlandet Havhotell

Velkommen til påskeferie hos oss

Værlandet Havhotell, og øysamfunnet vårt, kan absolutt anbefalast om du ynskjer å legge nokre feriedagar til ein roleg og unik stad utanfor allfarvei.

Vi har ope i påska, og legg til rette for eit tryggast mogleg opphald hos oss. Hotellromma våre er innreia for enkelt sjølvhushald, og kan gjerne brukast som ei lita hytte ;). Det er ytterdørar inn til kvar bueining, noko som betyr at gjestane våre slepp å opphalde seg i fellesareal med andre gjestar. Vi tilbyr òg kontaktlaus innsjekk/utsjekk/betaling – dette informerer vi meir om før ankomst.

Vi leiger ut: enkeltrom, dobbeltrom, og familierom (for barnefamiliar inntil 5 pers)

Les meir om romma våre HER.

Frukost er inkludert i standardprisane våre, men det er mogleg å bestille rom utan frukost – spør oss gjerne om dette.

NB! Vi har ikkje restaurant, men kan levere enkel catering til gjestane våre. Les meir om mat hos oss HER

PRISEKSEMPEL i PÅSKA

  • Enkeltrom 1 natt/2 netter inkl frukost*       kr 1740,-/2980,-
  • Dobbeltrom 1 natt/2 netter inkl frukost*     kr 1900,-/3300,-
  • Familierom 1 natt/2 netter inkl frukost*     kr 2830,-/4360,-  (barnefamilie 3-5 pers)

Vi har endå betre døgnprisar ved opphald lenger enn 2 netter.

* Frukost kan trekkast ut, då vert rompris redusert.

For bestilling:

Hjarteleg velkommen til oss i påska