Vi garanterer havutsikt frå alle rom – og gode opplevingar i øyriket vårt 🙂
Værlandet og Bulandet er staden å reise til om du har lyst til å oppleve noko heilt spesielt. Kom gjerne på besøk til oss i påska, og opplev den tidlege våren her «ute i havet».
Værlandet Havhotell tilbyr:
- Enkeltrom
- Dobbeltrom
- Familierom (for barnefamiliar inntil 5 pers)
- Frukost levert til rommet kl 09.00 i helgedagar
- Catering av «Dagens» og pizza kl 19.00 i helgedagar
Romma våre er innreia for enkelt sjølvhushald, og kan gjerne brukast som ei lita hytte 😉
Les meir om romma våre HER.
PRISEKSEMPEL I PÅSKA:
- Dobbeltrom utan frukost 1 natt/2 netter/3 netter kr 1550,-/2700,-/4050,-
- Enkeltrom utan frukost 1 natt/2 netter/3 netter kr 1550,-/2700,-/4050,-
- Familierom utan frukost 1 natt/2 netter/3 netter kr 2350,-/3500,-/4850,- (gjeld barnefamiliar)
FRUKOST
Vi leverer frukost på bestilling i helgedagar i påska. Prisar:
- kr 170,– per pers per dag
- kr 470,- per dag for barnefamiliar (frukostpakke 3-5 pers)
Vi har tilbod om frukostlevering desse dagane i påska:
- Palmelaurdag 1.april
- Palmesundag 2.april
- Skjærtorsdag 6.april
- Langfredag 7.april
- Påskeafta 8.april
- 1.påskedag 9.april
MIDDAG
Vi har dessverre ikkje restaurant, men det er 2 matserveringsstadar i øyane som har ope i påskedagane.
Sjå opningstidene og anna informasjon om tilboda deira her:
Værlandet Gjestehamn
Joker Bulandet – Havsalaten kjøkken & bar
AKTIVITETAR I VÆRLANDET OG BULANDET I PÅSKA
På nettsida Ting å gjere på kan du finne info om sykkelutleige, skyssbåt til Alden, RIB-båt, kajakk/SUP-utleige m.m.
NYHEIT PÅSKA 2023:
Skjærgårdssafari Værlandet-Bulandet, sjå nettsida til RIB ASKVOLL
KVA SKJER I BULANDET OG VÆRLANDET 🙂 ?
Sjekk: Oppslagstavle for Bulandet og Værlandet på Facebook
Kanskje vi treffast i påska? Du er hjarteleg velkommen til oss 🙂
FOR BESTILLING AV OPPHALD:
Gå til ⇒ BOOKING OG KONTAKT
Tekst er revidert 04.04.23