Værlandet Havhotell Velkommen til påskadagar tett på havet – Værlandet Havhotell

Velkommen til påskadagar tett på havet

Vi garanterer havutsikt frå alle rom – og gode opplevingar i øyriket vårt 🙂

Værlandet og Bulandet er staden å reise til om du har lyst til å oppleve noko heilt spesielt. Kom gjerne på besøk til Værlandet Havhotell i påska, og opplev den tidlege våren her «ute i havet».

Værlandet Havhotell tilbyr:

  • Enkeltrom
  • Dobbeltrom
  • Familierom (for barnefamiliar inntil 5 pers eller maks 3 vaksne)
  • Frukost levert til rommet kl 09.00 i helgedagane 29.-31.mars
  • Enkelt cateringtilbod i deler av påska

Romma våre er innreia for enkelt sjølvhushald, og kan gjerne brukast som ei lita hytte 😉
Les meir om romma våre HER.

PRISAR I PÅSKA
Du finn kapasitet og prisar HER
Vi tipsar om at det er ekstra gode prisar hos oss i palmehelga 🙂

Ynskjer du å bestille familierom? Ta direkte kontakt med oss på telefon eller epost for bestilling og/eller meir informasjon.

FRUKOST
Vi har tilbod om frukostlevering desse dagane i påska:

  • Langfredag 29.mars
  • Påskeafta 30.mars
  • 1.påskedag 31.mars

Prisar:

  • kr 170,– per pers per dag
  • kr 470,- per dag for barnefamiliar (frukostpakke 3-5 pers)

MIDDAG
Vi har dessverre ikkje restaurant. Men vi vil ha eit enkelt cateringtilbod til gjestane våre på enkelte dagar i påska viss dei lokale matserveringsstadane ikkje har ope. Spør oss gjerne om dette ved bestilling av opphald, eller nokre dagar før du kjem til oss.

AKTIVITETAR I VÆRLANDET OG BULANDET

På nettsida AKTIVITETAR  kan du finne info om sykkelutleige, skyssbåt til Alden, RIB-båt, kajakk/SUP-utleige m.m.

KVA SKJER I BULANDET OG VÆRLANDET I PÅSKA 🙂 ?
Sjekk:  Oppslagstavle for Bulandet og Værlandet på Facebook

Kanskje vi treffast i påska? Du er hjarteleg velkommen til oss 🙂

FOR BESTILLING AV OPPHALD:

Gå til ⇒ BOOKING OG KONTAKT