
Er du klar for spektakulære opplevingar tett på elementa? Har du lyst til å flykte litt vekk frå kvardagen? Då anbefalar vi deg å ta turen til oss i vintersesongen vår.
Vi garanterer fine opplevingar – både innandørs og utandørs. Med flott havutsikt gjennom store vindauge på alle romma våre – og kort avstand til «sjøkanten», får du unike opplevingar sjølv om du kun slappar av «heime» på rommet. Og har du lyst til å oppleve meir av vèr og frisk sjøluft, landskap og øyar, er det mange flotte turmoglegheiter i Værlandet og Bulandet.
Stress ned – finn roen 🙂
Besøker du oss i lågsesong, finn du kanskje roen på ein litt annan måte enn på sommaren her ute i øysamfunnet vårt. Ynskjer du å koble heilt av frå kvardagen, kan kanskje eit lenger opphald hos oss i vinter vere god balsam for sjela? 🙂
GODE PRISAR I MIDTVEKER OG VED LANGTIDSOPPHALD
Vi har gode vinterprisar* i midtveker i perioden JAN-MARS. Desse prisane gjeld ved opphald minst 2 netter, og er basert på sjølvhushald.
Priseksempel dobbeltrom/enkeltrom utan frukost:
- Midtveke (måndag-fredag) – kr 1100,-* pr natt ved minst 2 netter. 3.natt – halv pris. Gjeld jan-mars 2020.
- Helg (fredag-sundag) – kr 1330,- pr natt ved minst 2 netter. 3.natt – halv pris.
Frukost kan bestillast i tillegg. Les meir om mat HER
Spør oss gjerne om pristilbod på langtidsopphald utover 3 netter.
For bestilling og/eller spørsmål – ta kontakt med oss på:
- e-post: post@vaerlandethavhotell.com
- eller telefon: 917 30 366
*Denne prisen gjeld bestillingar gjort i perioden jan-mars 2020. Ved opphald meir enn 2 netter, får du beste prisane ved bestillingar gjort direkte hos oss (ikkje via andre nettstadar som t.d. booking.com og hotels.com)
KOMPLETTE PAKKAR HOS OSS I VINTER
Ynskjer du eit opphald hos oss inkludert måltid og aktivitetar? I perioden jan-mars 2020 tilbyr vi desse pakkane:
- Romantisk avbrekk for 2 – overnatting og mat – les meir HER
- Go Storm Watching Værlandet & Bulandet – overnatting, mat og guida tur.
Du kan finne meir informasjon om, og bestille pakken «Go Storm Watching Værlandet & Bulandet» via samarbeidspartnaren vår Go Fjords si nettside HER. Desse pakkane er inkludert reise fram til oss tur/retur Bergen.
Lurer du på noko når det gjeld pakkar og prisar? Ikkje kvi deg på å ta kontakt med oss på:
- e-post: post@vaerlandethavhotell.com
- eller telefon: 917 30 366
Her er ein fin, liten filmsnutt frå Værlandet Havhotell og «øylandet» vårt:
Go storm watching 💨 Choose between 4 destinations – each uniquely stunning and ready to blow your mind! Info and booking: https://bit.ly/36HeFag
Publisert av FjordKysten Mandag 16. desember 2019