Værlandet Havhotell Velkommen til oss i 2024 – Værlandet Havhotell

Velkommen til oss i 2024

Torsdag 1.februar opnar vi årets sesong, og vi gledar oss til å treffe både gamle og nye gjestar i 2024 🙂

Har du lyst til å oppleve seinvinteren eller våren i det unike øysamfunnet vårt Værlandet og Bulandet? Vi har komfortable rom med hotellstandard og godt opplegg for sjølvhushald – og ikkje minst; flott havutsikt frå alle rom!

Denne vinteren/våren har vi dette tilbodet:

FEBRUAR OG MARS
Vi tilbyr opphald utan frukost*. Alle romma våre er enkelt utstyrt for sjølvhushald.
Sjekk prisar og tilgjengelegheit i februar og mars HER

*Vi tilbyr frukost påskedagane 30.mars og 31.mars.

APRIL
Vi leverer frukost i helgar på bestilling. Slik bestiller du frukost ved opphald i april-helgar:

  • Ta direkte kontakt med oss om dette ved bestilling av rom – enten på epost eller telefon. Bestiller du online, kan du evt skrive i siste registreringsfeltet at du vil bestille frukost.

Sjekk prisar og tilgjengelegheit i april HER

NB! Har du gåvekort? Vi leverer frukost uansett dato 🙂

MAI
Vi tilbyr opphald inkl frukost levert til rommet alle vekedagar (prisar i online booking er inkludert frukost).
Det er òg mogleg å bestille opphald utan frukost, då trekker vi ut frukostprisen. Ta direkte kontakt med oss om dette ved bestilling av rom.

Sjekk prisar og tilgjengelegheit i mai HER

FAMILIEROM

Dei fleste dobbeltromma våre kan oppgraderast til familierom med 3-5 sengeplassar (barnefamiliar).
Ta direkte kontakt med oss på epost eller telefon for informasjon om prisar mm.

LANGTIDSLEIGE I PERIODEN FEBRUAR-MAI

Ta kontakt med oss på epost eller telefon for pristilbod på opphald lenger enn 3 netter.

Bestill opphald her ONLINE BOOKING

 

Publisert 04.01.24