Værlandet Havhotell Velkommen til hausthelg i havgapet! – Værlandet Havhotell

Velkommen til hausthelg i havgapet!

battur-mellom

Lyst til å oppleve haustvakkert øylandskap frå både land og sjø?

Dei to siste helgane i oktober kan vi tilby pakkar med overnatting, lokal mat og båttur mellom holmar og skjær lengst vest i havet.

          Innhald:

  • Overnatting inkl frukost i 1 eller 2 netter i våre hotellrom tett opp mot havet
  • Båttur laurdag ettermiddag med MB Setara frå Værlandet Gjestehamn (Værøyhamna) til Bulandet og Sandøy. Enkel servering ombord.
  • 3-retters middag laurdag kveld på kroa i Værlandet Gjestehamn (drikke kjem i tillegg til «pakkepris»)

          Prisar:

  • pr person 1 natt kr 1675,- (lør-sun)
  • pr person 2 netter kr 2625,- (fre-sun)

          Tilbodet gjeld desse helgane:

  • 21. – 23.oktober (fre-sun)
  • 29. – 30.oktober (laur-sun)

Det er mogleg å bestille deler av pakken. Ta kontakt for meir info om dette.

NB! Vi må dessverre ha eit forbehald om nok påmelde for å gjennomføre båtturen, og /eller eit forbehald om at vèrforholda er gode nok. Dersom det ikkje vert båttur, legg vi til rette for alternative og kjekke aktivitetar «på land» 🙂

For spørsmål eller bestilling, ta kontakt:

  • mail: post@destinasjonvest.no
  • tlf: 99 32 17 40

Velkommen til ein naturopplevelse – og livet på kysten!