Værlandet Havhotell Velkommen til eit trygt og godt opphald hos oss – Værlandet Havhotell

Velkommen til eit trygt og godt opphald hos oss

Har du bruk for overnatting ved jobboppdrag Værlandet og Bulandet? Eller berre ta deg ein tur til ein stad for skikkeleg avslapping? Vi tilbyr hotellrom med sjølvhushald.

Vi legg til rette for at opphaldet skal vere trygt, og fylgjer til ein kvar tid dei gjeldande nasjonale og kommunale reglane og råda for å forebygge Covid-19 smitte.

Det er ytterdør inn til kvart hotellrom, noko som betyr at gjestane våre slepp å opphalde seg i fellesareal med andre gjestar. Hotellromma våre har minikjøkken som er utstyrt for enkel matlaging. Les meir om romma våre HER. Dersom du ynskjer frukost, vert den levert til rommet.

Det er svært viktig for oss at alt vert gjort på tryggast mogleg måte – og vi prøver å gjere dette i tett dialog med dei besøkande. Ta gjerne kontakt med oss om du treng meir info om «stoda» 🙂

Innsjekk og betaling

Det vil ikkje vere ordinær resepsjon hos i ein periode framover. Pris for opphald vert fakturert, og nøkkel vert sett i døra. Vi informerer om detaljane for dette ved bestilling.

(Dersom du har spørsmål rundt dette, er det berre å ta kontakt med oss)

For bestilling og/eller meir informasjon om tiltak, prisar, betaling og innsjekk – ta kontakt med oss på: