Hausten er godt i gong, og vi gledar oss til å vere vertskap for trivelege gjestar i denne årstida.
Eit besøk i Værlandet og Bulandet om hausten vil garantert gje deg mange fine og kontrastfylte opplevingar. Har du lyst til å reise til ein stad der du kan finne den etterlengta roen i eit travel kvardag? Då trur vi òg at du vil finne dette her lengst vest i havet.
Uansett kva du søkjer når du kjem til det unike øysamfunnet vårt, vil vi i Værlandet Havhotell gjere vårt beste for å vere ein trygg og god base når du bur hos oss.
For tilgjengelegheit, prisar og bestilling; sjå vår Online Booking
HAUSTPAKKAR
I helgane i oktober og november tilbyr vi pakkar inkludert frukost og enkle måltid levert til hotellrommet.
Vi kallar pakkane for ♥ Romantisk avbrekk for 2 ♥. Les meir om dette her:
Romantisk avbrekk for 2 på Værlandet Havhotell
NB! Pakkane må bestillast på telefon eller epost.
MAT HOS OSS HAUST/VINTER 2020/2021
Vi har desserre ikkje restaurant eller anna felles opphaldsrom hos oss. I periodar vil det vere eit enkelt matserveringstilbod – bl.a. i helgar – på Kroa i Værlandet Gjestehamn (ca 200 meter frå oss).
Dette vert annonsert på Facebook-sida deira.
Catering til rommet
Vi kan levere nokre enkle rettar til rommet. Desse rettane vert levert frå Joker Værlandet sitt nye kjøken. For meir informasjon om meny og bestilling, ta kontakt med oss på tlf eller epost før du kjem.
Vi håpar at vi sjåast i haust 🙂
(NB! Vi tek ein månads jule- og vinterferie i perioden 14.12.20-14.01.21)