Værlandet Havhotell Vårsesongen 2023 på Værlandet Havhotell – Værlandet Havhotell

Vårsesongen 2023 på Værlandet Havhotell

Vi er skikkeleg klar for VÅR, og for ein ny og spennande sesong hos oss!

Onsdag 1.mars opnar vi opp igjen for vanleg drift hos oss, og vi gledar oss til å treffe både gamle og nye gjestar i 2023 🙂

Har du lyst til å oppleve våren i det unike øysamfunnet vårt Værlandet og Bulandet? Vi har komfortable rom med hotellstandard og godt opplegg for sjølvhushald – og ikkje minst; flott havutsikt frå alle rom!

Denne våren har vi desse variantane når det gjeld konsept:

MARS

Vi tilbyr rom utan frukost*. Alle romma våre er enkelt utstyrt for sjølvhushald.

Sjekk pris og tilgjengelegheit i mars HER

APRIL

Vi leverer frukost på bestilling* i helgar og i helgedagane i påska. Slik bestillier du frukost ved opphald i aprilhelgar:

  • Ta direkte kontakt med oss om dette ved bestilling av rom – enten på epost eller telefon. Bestiller du online, kan du skrive at du vil bestille frukost i siste registreringsfeltet der. Det er òg mogleg å bestille frukost ved innsjekk 🙂

Sjekk pris og tilgjengelegheit i april HER

*Har du gåvekort? Vi leverer frukost uansett dato 🙂

MAI

Vi tilbyr opphald inkl frukost alle dagar (alle romprisar i online booking er inkludert frukost)
Det er òg mogleg å bestille opphald utan frukost, då trekker vi ut frukostprisen. Ta direkte kontakt med oss om dette ved bestilling av rom.

Sjekk pris og tilgjengelegheit i mai HER

FAMILIEROM

Dei fleste dobbeltromma våre kan oppgraderast til familierom med 3-5 sengeplassar (barnefamiliar).
Ta direkte kontakt med oss på epost eller telefon for informasjon om prisar mm.

LANGTIDSLEIGE I MARS, APRIL OG MAI

Ta kontakt med oss på epost eller telefon for pristilbod på opphald lenger enn 3 netter.

Bestill opphald her  BOOKING OG KONTAKT

 

Publisert 18.02.23