
Frå sesongen 2025 utvidar vi konseptet vårt og skal drive med både matservering og gjestehamn i tillegg til utleige av rom.
Samarbeidsprosjekt
Værlandet Havhotell AS leiger idag kro-lokala og kaianlegget av Værlandet kafè og Gjestehamn AS. Vi ser fram til utvikling av tilbudet, og vil gjere vårt beste for at de som kjem på besøk skal få ei god oppleving 🙂
Ved drift av Kroa vil Værlandet Havhotell blant anna kunne ha eit fast matserveringstilbod til hotellgjestane gjennom store delar av året – tilpassa dei ulike sesongane.
Kroa vert open kvar dag i sommarferien.
I lågsesong (sept-mai) vil vi ha alternative, praktiske løysingar for matservering til gjestane som bur på Havhotellet.
Vi er ikkje klar med alle detaljar, men legg ut info om kva tilbod det vert når vi har fått jobba meir med dei nye planane våre.
Møter og samlingar hos oss
Værlandet Havhotell tilbyr møtefasiliteter og matservering på Kroa til grupper.
Ta gjerne kontakt med oss på epost for meir informasjon om dei ulike pakkane.