Værlandet Havhotell Unikt hotell – Unik matservering – Værlandet Havhotell

Unikt hotell – Unik matservering

Bu hos oss – og få gourmetmat levert til hotellrommet ditt : )

Vi har ikkje restaurant på hotellet vårt, men har likevel eit velfungerande mattilbod til gjestane våre. Frukosten vert levert til hotellrommet, og vi er stolte av alle dei gode tilbakemeldingane vi får på den! Det er samarbeidspartnaren vår Joker Værlandet som leverer frukost til hotellet.

Les meir om mat hos oss

Vi har i lenger tid levert fiskesuppe til hotellrommet på bestilling frå gjestane våre. SISTE NYTT når det gjeld matservering hos oss er at det no er mogleg å bestille fleire rettar, i tillegg til fiskesuppe, frå vår eigen Meny – alt levert til hotellrommet : )

NB! Cateringtilbodet vårt gjeld fram til 01.06.19.

Her er menyen vår:

Alle rettane i Menyen, unntatt pizza, er laga «frå botn». Rettane er òg spesialdesigna til oss ; )

Har du tenkt deg på besøk til oss, og syns at dette ser fristande ut? Ta gjerne kontakt med oss litt på førehand dersom du ynskjer å bestille mat frå menyen vår – vi treng nokre timar på oss sidan dette er Catering. NB! Pizza leverer vi på kort varsel! : )

NB! Cateringtilbodet varer fram til 01.06.19.