
Velkommen til oss – og eit unikt øysamfunn langt vest i havet
Værlandet og Bulandet ligg lengst vest i Askvoll kommune i Vestland fylke. Dette øyriket er den perfekte staden for eit sommarleg eventyr litt utanfor allfarvei -og om du ynskjer å bu på ein overnattingsstad heilt utanom det vanlege, anbefalar vi Værlandet Havhotell – Noregs vestlegaste hotell!
Eit opphald på Værlandet Havhotell gjev deg eit godt utgongspunkt for fine opplevingar av geologi, natur og dyreliv – og ikkje minst: trivelege møter med «folkeslaget» i Værlandet og Bulandet 😉
Værlandet Havhotell er eit «Leilighetshotell» med tilbod om Bed & Breakfast i sommarhalvåret. Alle våre bueiningar er godt tilrettelagde for enkelt sjølvhushald. Her finn du detaljert informasjon om dei 8 romma våre: Romma våre
FRUKOST
Vert levert som tilleggsbestilling til rommet. Må bestillast seinast kl 16.00 dagen før levering. Les meir om frukosten vår HER
LUNSJ OG MIDDAG
I perioden 25.juni-09.august er det matservering på Kroa ca 250 meter frå oss med desse opningstidene:
- onsdag-laurdag 15.00-20.00 (matservering fram til kl 19.30)
For informasjon om andre matserveringsstader i Værlandet og Bulandet, sjå:
Matservering i Bulandet og Værlandet sommaren 2025 – Destinasjon Vest
Det er òg mogleg å ordne enkle måltid på romma våre i minikjøkkenet som er enkelt utstyrt for sjølvhushald. Her kan du handle ingrediensar:
Det er to Jokerbutikkar i Værlandet og Bulandet, og begge desse butikkane er både betjente og sjølvbetjente (digitale) innanfor lange opningstider alle dagar i perioden 01.juni-31.august:
- Joker Værlandet – ligg på ferjekaia på Værlandet – har ope kl 07.00-23.00
- Joker Bulandet – på Nikøy i Bulandet – har ope kl 06.00-24.00