Værlandet Havhotell Snart ferietider! – Værlandet Havhotell

Snart ferietider!

Velkommen til fine sommardagar på Værlandet og i Bulandet! -eit av Noregs vestlegaste øysamfunn.

Fine sommardagar…. det kan vere fint vèr, men òg gode opplevingar. Vi har tilrettelagt for at eit opphald på Værlandet Havhotell skal vere ei av dei gode opplevingane du får når du er på besøk i øysamfunnet vårt – hos oss kan du slappe av i dobbeltrom med enkel luksus og havutsikt frå alle rom.

«UTSIKT TIL LIVET PÅ KYSTEN» – ein liten filmsnutt som viser utsikta frå eit av hotellromma våre.

Vi tilbyr enkelt sjølvhushald – det er minikjøkken i kvar bueining. Dei fleste romma har eit ekstra gjesterom, slik at familiar har god plass til å vere i lag på ferie. Vi har òg HC-tilpassa dobbeltrom.

Værlandet Gjestehamn lagar frukost til våre gjestar. I tillegg er det matservering kvar dag i høgsesong (ca 15.juni – 15.aug) på Kroa i Værlandet Gjestehamn. Der finn gjestane ein rikhaldig meny, og mykje av maten er laga av lokale råvarer. Sjekk ut nettsida til Værlandet Gjestehamn HER

Priseksempel opphald

Familie på 4 pers (eller t.d. 2 vennepar) i familierom:

  • kr 655,- pr pers pr døgn. Inkludert frukost.
  • kr 575,- pr pers pr døgn. Utan frukost.

Gratis frukost til born 0-6 år.

Aktivitetar ved hotellet

I resepsjonen vår i Værlandet Gjestehamn kan du leige syklar, eller du kan bestille båtskyss til Alden. Meir info:

Andre ting å gjere på i og ved Værlandet Gjestehamn er bl.a:

  • Frisbeegolf-løype
  • Biljard
  • Utandørs akvarie
  • Liten «leikefiskedam» for dei minste 🙂
  • Minibibliotek

I tillegg er det godt tilrettelagde turstiar like i nærleiken av hotellet, bl.a ein sti som går mot eit badevatn.

Aktivitetar i Værlandet og Bulandet

For fleire tips om kva du kan finne på når du er på ferie i havgapet, sjå gjerne innom Destinasjon Vest si nettside om Aktivitetar