
Besøker du oss i haust, kan du bu hos oss til gode prisar både i midtveke og helg.
Frå og med 14.september og ut 2018 har vi desse prisane inkludert frukost:
MIDTVEKE:
- Dobbeltrom kr 1700,- ei natt, og kr 1300,- for 2.natt
- Enkeltrom kr 1540,- ei natt, og kr 1200,- for 2.natt
- Familierom (3-5 sengeplassar) kr 2230,- ei natt, og kr 1700,- for 2.natt
HELG (fredag-sundag):
- Dobbeltrom kr 1900,- ei natt, og kr 3000,- for heile helga
- Enkeltrom kr 1740,- ei natt, og kr 2700,- for heile helga
- Familierom (3-5 sengeplassar) kr 2430,- ei natt, og kr 4000,- for heile helga
Ta kontakt med oss dersom du ynskjer eit pristilbod på langtidsopphald, eller ynskjer pris på opphald utan frukost.
Frukosten vår 🙂
Viss du har bestillt rom med frukost får du den levert på «hotelldøra» om morgonen. Den inneheld bl.a nysteikt brød, enkelt og godt pålegg, egg, kaffi, juice, melk, youghurt, frukt + noko godt til kaffien ; )
Haustaktivitetar i øyane
Sykkeltur til Bulandet
Det er mogleg å leige syklar på Joker Værlandet og i Værlandet Gjestehamn.
Topptur til Alden
Ta kontakt med oss for meir info om kva tilbod som finnast av båttransport til Alden.
Turløyper i øylandskap
Det er mange fine og godt merka turløyper i store delar av øyane – både i ope landskap og i områder som er godt skjerma for vèr og vind.
For meir info om tilbod og aktivitetar sjå nettsida til Destinasjon Vest
Matservering haust/vinter
Vi har dessverre ikkje fast matservering hos oss. Men vi har nokre alternative løysingar; bl.a kan vi levere Takeaway-pizza til hotellrommet, i samarbeid med Joker Værlandet. I tillegg kan vi ordne med catering frå andre samarbeidspartnerar – ta kontakt med oss for meir info om dette : )
Les meir HER om mat hos oss, og andre stadar i Værlandet og Bulandet.