Værlandet Havhotell Påskeferie lengst vest i havet – Værlandet Havhotell

Påskeferie lengst vest i havet

Foto: Destinasjon Vest og Værlandet Havhotell

Ta ein pause frå jobb og bilkø – feire påska hos oss og få nærkontakt med hav og himmel, frisk luft, og utsikt mot ein endelaus horisont!

Vi ynskjer deg og dine velkommen ut til påskeferie ved havet!

Påsketilbod:

  • Familierom 3-5 gjestar kr 2100,- pr døgn inkl frukost. Tredje natt kr 1600,-
  • Dobbeltrom kr 1700,- inkl.frukost. Tredje natt kr 1400,-
  • Enkeltrom kr 1600,- inkl.frukost. Tredje natt kr 1300,-

For å bestille til denne prisen, ta kontakt med oss på

  • telefonnr:   91 73 03 66   eller
  • epost: post@vaerlandethavhotell.com

Pris gjeld i perioden fredag 23.mars – måndag 02.april

Matservering i Værlandet og Bulandet i påska

Værlandet Gjestehamn og Havsalaten kjøkken & bar har ope dei fleste dagane i påska. Sjekk opningstidene deira ved å klikke på link nedanfor:

     MATSERVERING PÅSKA 2018

Arrangement i påska

  • Palmelørdag kl 21.00:  Fun-Quiz på Havsalaten kjøkken & bar – Noregs vestlegaste Pub-Quiz. SJÅ HER
  • Palmesundag kl 16.30:  Tradisjonsrik Påskebasar i Bulandet Ungdomshus. Åresalg, kaker, masse gevinster – og god stemning!
  • Palmesundag kl 12.00:  Salsutstilling «Herleg vatn». Galleriet til Anita Søreide Kunst & Arkitektur i Kalvøyna på Værlandet.
  • Onsdag 28.mars kl 16.00:  Salsutstilling i Floren, Liv og Lyst i Bulandet. 5 utstillarar. Salg av påskebollar, kakao og kaffi.
  • Langfredag kl 19.00:  Pub-quiz i Værlandet Gjestehamn. Ole Johannes Øvretveit er Quizmaster. SJÅ HER

Norsk Sjøfuglsenter i Værøyhamna har ope med omvisning desse dagane i påska:

  • Palmesundag, Skjærtorsdag, Langfredag og 1.Påskedag. Alle dagar kl 12.00

Linda Landøy har omvisninga, og tema er «Sjøfuglane og plasten i havet». Bill kr 100,-. Kombinèr gjerne ei omvisning i Sjøfuglsenteret med påskemiddag på Kroa i Værlandet Gjestehamn (vegg i vegg). Middagsservering opnar kl 13.00 desse dagane.

NB! Langfredag (30.mars) får Sjøfuglsenteret òg besøk av Børje Møster som skal fortelje om «In the same boat» og deira innsats med rydding av fjærer i nærområdet vårt. Foredraget startar kl 12.00.

VÆRLANDET GJESTEHAMN SIN PLAKAT OM PÅSKA HOS DEI: