
Hausten er kanskje den mest spektakulære årstida på kysten. Hos oss kan du oppleve den eineståande kystnaturen på det aller råaste, og få eit unikt innblikk i eit levande øysamfunn litt utanom det vanlege.
Få opplevingar er sterkare for kropp og sjel enn kombinasjonen av røft og hardt vestlandsvær – og kos, hygge og god mat og drikke innandørs. Alt dette kan du oppleve på Værlandet Havhotell:
-
vi har hotellrom med havet som næraste nabo
-
vi har enkel luksus og god atmosfære
-
vi har god heimelaga mat
Velkommen til oss, og fantastiske haust- og vinteropplevingar i øysamfunnet VÆR- og BUlandet!
VÆRLANDSBORD og JULEBORD
Desse helgane inviterer vi deg til ei flott matoppleving hos oss laurdag kveld:
- 13-15 okt Værlandsbord (14.okt)
- 27-29 okt Værlandsbord (28.okt)
- 10-12 nov Julebord (11.nov)
- 17-19 nov Julebord (18.nov)
- 24-26 nov Julebord (25.nov)
- 8-10 des Julebord (9.des)
PRISAR MAT OG OVERNATTING VÆRLANDET HAVHOTELL
Ta kontakt med RESEPSJONEN for booking av rom, og eventuell bestilling av plass på Værlandsbord eller Julebord.
Bedrifter og større grupper
Skal de samlast til møteaktivitet, konferanse, sosialt samvære e.l i helg eller midtveke? Då har vi staden å vere!
I tillegg til møtelokaler med gode fasilitetar, tilbyr vi dagpakkar med lunch og middag, eller ein av delane kvar for seg. Rettane våre er heimelaga, og basert på lokale råvarer frå Værlandet, Bulandet og området rundt. I tillegg får du kortreist Alden-øl frå Kinn Bryggeri, brygga spesielt for øyriket vårt!
Sjå: PRISAR
Alternativ overnatting i Værlandet Gjesteheim
Resepsjonen vår formidlar òg overnatting i Værlandet Gjesteheim. Her finn du enkel standard i trivelege omgjevnadar – her er det kjekt og sosialt å vere for større og mindre grupper. Værlandet Gjesteheim kan gjerne òg kombinerast med Værlandet Havhotell når det er mange som skal tilbringe nokre dagar i lag i øyane.
Sjå prisar overnatting i Værlandet Gjesteheim HER
Direkte transport med båt til Værlandet
Dersom det er ynskje om direkte transport til oss frå fastlandet for større grupper, t.d frå Askvoll, Førde eller Florø, kan vi organisere båtskyss. Det er gode kaianlegg i Værlandet Gjestehamn (ca 200 m frå Værlandet Havhotell). Ta kontakt med resepsjonen, eller Destinasjon Vest (kontaktinfo: destinasjonvest.no)
Aktivitetar og tilbod i øyane
Vi anbefalar alle våre gjestar å oppleve mest mogleg av det vi har å by på. I tillegg til rolege spaserturar i godt merka løyper, sykkelturar og toppturar til Alden (med og utan guide), har vi fleire museum/utstillingar/galleri som er vel verdt eit besøk.
På nettsida til Destinasjon Vest kan du finne det meste som finnast av ulike type aktivitetar. Ta gjerne kontakt med Lena i Destinasjon Vest hvis du treng meir info og/eller hjelp til å lage eit opplegg.
Nytt hausten 2017:
Føredrag/omvisning i Norsk Sjøfuglsenter som ligg i Værlandet Gjestehamn. Må bestillast på førehand. Her kan større grupper få eit halvtimes føredrag av flinke lokale folk om: sjøfugl, geologi, villsau eller marint søppel – Tips til fredagskveldaktivitet før middag i Værlandet Gjestehamn, – etterfulgt av open pub;)
Meir info om Norsk Sjøfuglsenter