Værlandet Havhotell Ledig stilling i Værlandet Havhotell – Værlandet Havhotell

Ledig stilling i Værlandet Havhotell

Ein eventyrlig jobb ventar på deg i havgapet!

Drøymer du om eit litt annleis liv, i eit fantastisk øyrike, langt unna stress og mas, der du bur midt i eit eventyr av eit lokalsamfunn ute i havet? Vi søker drivar(ar) til Værlandet Havhotell.

Værlandet Havhotell ligg lengst vest i havgapet i Askvoll kommune – Vestland fylke. I øyriket Værlandet og Bulandet bur du midt mellom himmel og hav, med havklippa Alden som nabo. Vi vågar å påstå at naturen her er noko av det vakraste landet vårt kan by på. Av den grunn får vi stadig fleire gjestar, og vi søker no etter drivar(ar) til Værlandet Havhotell og kroa i Værlandet Gjestehamn.

Kort om Værlandet Havhotell og kroa i Værlandet Gjestehamn:

Værlandet Havhotell er eit leiligheitshotell som består av 2 hotellbygg med 28 sengeplassar fordelt på 8 rom med moderne arkitektur i eit ope landskap med himmel og hav tett på og med majestetiske Alden som næraste nabo i horisonten.

Kroa/Værlandet Gjestehamn består av kafé/pub med matservering, alle rettigheter og sitteplass til 60 gjestar, gjestehamn og sanitæranlegg for tilreisande, med tilgong til verdas beste råvarer frå havet.

-Klikk gjerne på kvart bilda for å forstørre dei-

STILLINGSBESKRIVING
Vi ser etter ein person, eller f.eks eit par, som ivrar etter å skape sin eigen arbeidsplass i eit lite og livskraftig øysamfunn. Du vil vere med på å utvikle hotellet, kroa og gjestehamna som ein spennande destinasjon for turistar, båtfolk, arrangement, fastbuande og bedrifter.

Rolla til ny drivar vil bli forma i samspel med eigarane, og tilpassa ønsker og behov for den rette personen. Moglegheit til sesongarbeid om ønskjeleg, med hovudvekt på sommarsesong. Du vil jobbe tett opp mot eit aktivt styre og lokale aksjonærar, som bistår deg når du treng det, og du får stor fridom til å drive slik du ønskjer.

Kven vi ser etter:

  • Trivast å bu i eit lite men aktivt og inspirerande øysamfunn
  • Trivast i vertskapsrolla og med matlaging
  • Trivast med folk og med å vere aktiv i markedet (turistar, bedrift, arrangement)
  • Beherske norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Kva vi tilbyr:

  • Stor fridom til å forme sin eigen arbeidsplass og -tid
  • Vere med å utvikle hotellet, kroa og gjestehamna som destinasjon
  • Høg løn er ikkje det viktigaste for deg, men likevel;
    fastløn etter avtale + bonus (av den botnlinja ein klarar å skape)
  • Eit fritt liv i ei av verdas vakraste rammer

Kontakt
Om du syns dette høyrast spennande ut, ta kontakt med dagleg leiar, Elin Blom Vesterås:

Søknadsfrist: 18.des 2024

TRIVST DU I OPNE LANDSKAP MED VID HORISONT?

Om du trivast best med uteliv, shopping og travle bygater, så er neppe dette jobben for deg. Om du heller vil oppleve fantastisk natur, Værlandet og Bulandet sitt særmerkte landskap, havet, den vide horisonten her, vêr på sitt beste og verste, solnedgangar du aldri vil gløyme, padling i «Nordens Venezia», og eit lokalsamfunn der tid får ei anna tyding enn i storbyar – ja då treng vi deg!

Bli ein del av eit levande, sosialt lokalsamfunn

Om du kjem ut hit kan du skryte av at du bur i det vestlegaste busette samfunnet i Noreg, som består av over 365 øyer, og til saman rundt 460 menneske. Her ute lev vi tett på naturen, og haustar av den: Folket lev i hovudsak av fiske og fiskeforedling, lakseoppdrett, produksjon av fiskereiskap, turisme og anna tenesteyting.

Her er det både hjarterom og jobb til fleire, i eit sosialt og aktivt lokalsamfunn. Her møter du Værlendingen og Bulendingen som opp gjennom tidene har lært å klare seg sjølve.

I øysamfunnet Værlandet og Bulandet har vi blant anna:

  • Barnehage
  • Skule (1.-10.klasse)
  • 2 Jokerbutikkar
  • Fleirbrukshall med treningsrom og symjehall m.m (opna sommaren 2024)
  • 4 matserveringsstadar (sesongbasert)

Vi kan også hjelpe til med å finne bustad og ev. jobb til partner også.

For meir info om øysamfunnet vårt:

Destinasjon Vest – Opplevelser på Værlandet og i Bulandet

I filmen nedanfor ser du meir frå Værlandet Havhotell, tilbod/aktivitetar i øysamfunnet vårt – og sjølvsagt kor fint det er her ute i øyriket vårt: