Værlandet Havhotell Julebord i havgapet? – Værlandet Havhotell

Julebord i havgapet?

fb-3
Fotodesign: Stig Hovlandsdal Øvreås i Finurlig

 

Opplev ein magisk julebordskveld med gode matopplevingar og triveleg opphald i unike hotellrom tett på havet!

I tett samarbeid med Kroa i Værlandet Gjestehamn ynskjer vi deg velkommen til ei julebordshelg der du får:

  • ete velsmakande mat frå ein rikhaldig buffèt med tradisjonsrik julemat og dessertar
  • bu i lune hotellrom med garantert havutsikt – og ofte utsikt til kuling eller storm:)
  • -og kanskje senke skuldrane nokre hakk i ei travel førjulstid

Julebordet vert arrangert laurdags kveld på Kroa i Værlandet Gjestehamn. Der vert det lagt opp til roleg atmosfære med bakgrunnsmusikk slik at ein kan kose seg med mat og samtalar rundt bordet. Open bar.

Prisar pr person i dobbelt- og enkeltrom:

  • lør-sun kr 1545,- inkl. Julebordsbuffèt lørdag kveld og frukost. Drikke til buffèen kjem i tillegg.
  • fre-sun kr 2295,- inkl. Julebordsbuffèt lørdag kveld og frukost 2 dagar. Drikke til buffèen kjem i tillegg.

Julebordshelgar i november og desember:

  • 4.-6.nov        (julebord 5.nov)

  • 18.-20.nov    (julebord 19.nov)

  • 25.-27.nov    (julebord 26.nov)   NB! Fullbooka i hotellet frå 26.-27.

  • 9.-11.des        (julebord 10.des)

NB! Vi må dessverre ha eit lite atterhald om nok påmelding kvar av desse helgane.

Påmelding er bindande. Ta kontakt med oss for meir informasjon om eigne avbestillingsreglar for julebordspakkar. Sjå kontaktinfo nedanfor.

Kapasitet sengeplassar i Værlandet Havhotell

Vi har 28 sengeplassar fordelt på 2 dobbeltrom (hc-tilpassa) og 6 familierom. Familieromma har eit ekstra soverom med ei plassbygd familieseng. Dvs at det på desse hotellromma er plass til t.d. 2 par som kan dele bad. Vi har spesialprisar som gjeld dette – ta kontakt med oss for pristilbod pr pers dersom ein er interessert i å vere fleire enn 2 på hotellrommet.

Aktivitetstilbod i Værlandet og Bulandet haust/vinter

Hvis ein har lyst til å bu i Havhotellet heile helga, dvs frå fredag til sundag, kan det kanskje vere aktuelt med ein aktivitet t.d på dagtid lørdag. Ta kontakt med oss for tips/info og eventuell bestilling av aktivitet.

Ynskje om direkte tranport til/frå førjulshelga i havet?

Værlandet Gjestehamn og Værlandet Havhotell ligg plassert i Værøyhamna der det er gode kaianlegg. Dersom større grupper ynskjer båttransport «heilt fram» kan dette organiserast – vi har samarbeid med fleire firma som driv skyssbåttenester.

Julebord i midtveker

Det er mogleg å få til alternative opplegg med julemat med eller utan overnatting i midtvekene i november og desember. Ta gjerne kontakt om dette:)

Booking og spørsmål:

Henvend deg til Lena Innbjør Riisnes i Destinasjon Vest:

  • epost: post@destinasjonvest.no
  • tlf: 99 32 17 40