Værlandet Havhotell Heilårsope hotell – Værlandet Havhotell

Heilårsope hotell

sjo-2b
Nokre få timar før stormen «Urd» kom på besøk 2.juledag 2016

Velkommen til oss og vinteropplevingar i øylandet!

Vi har ope heile året, og anbefalar gjerne eit opphald hos oss i den årstida vi er i no med svært skiftande vèrforhold: eine dagen er det storm, den neste dagen kan det vere «flatt hav» og vakkert lys – spektakulære opplevingar både utendørs og innendørs i Havhotellet.

Vi har 8 dobbeltrom med i alt 28 sengeplassar. 6 stk av desse er familierom med 4-5 sengeplassar og felles bad (planløysing her er dobbeltrom + 1 stk ekstra soverom med «lugarkøye»), og 2 stk er romslege dobbeltrom som er hc-tilpassa.

Alle hotellrom har eit godt utstyrt minikjøkken, spisebord med stolar tilpassa antal gjestar i rommet, sittegruppe og TV. Gratis WLAN.

For meir detaljert info om oss og booking m.m, sjå Meny øverst på sida.

NB! Det er gode og hyggelege fasilitetar for kurs, konferanser, møter og selskap i Værlandet Gjestehamn. Ta kontakt med oss for meir info om pakkeløysingar på overnatting, mat og møtelokaler. Sjå sida Booking og kontakt

vinterlys
Ein vakker dag i desember 2016