Har du lyst til å ta deg nokre avslappande haustdagar tett på havet? Eller treng du overnatting i forbindelse med jobboppdrag?
Eit besøk i Værlandet og Bulandet om hausten vil garantert gje deg mange fine og kontrastfylte opplevingar. På Værlandet Havhotell kan du finne haustroen – uansett kva formålet er med turen ut til øyriket vårt – Velkommen til oss i haust : )
HAUSTKONSEPTET VÅRT
September
Vi tilbyr rom og frukost kvar dag til gjestane våre. Frukost er inkludert i rompris, men om du ynskjer å ordne frukost sjølv går det fint – då trekker vi ut frukostprisen på kr 160,- per pers per dag.
Oktober
Vi tilbyr overnatting til rimelegare prisar – basert på sjølvhushald. Vi leverer ikkje frukost til gjestane våre i midtveker, men i helgane kan gjestane våre bestille frukost levert til rommet.
NB! Gjestar med gåvekort får frukost levert til rommet uansett vekedag : )
PRISEKSEMPEL
September:
- Dobbeltrom/enkeltrom 1 natt inkl frukost kr 1900,-/1740,-
- Dobbeltrom/enkeltrom 2 netter inkl frukost kr 3300,-/2980,-
- Dobbeltrom/enkeltrom 3 netter inkl frukost kr 4695,-/4215,-
Oktober:
- Dobbeltrom/enkeltrom 1 natt eks frukost kr 1430,-/1300,-
- Dobbeltrom/enkeltrom 2 netter eks frukost kr 2360,-/2360,-
- Dobbeltrom/enkeltrom 3 netter eks frukost kr 3285,-/3285,-
Prisen per døgn vert lågare ved opphald lenger enn ei natt.
Er du interessert i familierom? Ta direkte kontakt med oss for prisar på dette.
Inkludert i pris er:
- oppreia sengar
- handkle og toalettartiklar etter behov
- utvask
- gratis wifi
Ta kontakt med oss for ekstra gode prisar på opphald lenger enn 3 netter.
MAT
Vi har dessverre ikkje restaurant hos oss. Les meir om alternativ for matservering HER
TRENG DU MEIR INFO?
Ta gjerne kontakt med oss på telefon eller epost 🙂
Sak publisert 06.08.22