Har du lyst til å ta deg nokre avslappande haustdagar tett på havet? Eller treng du overnatting i forbindelse med jobboppdrag?
Eit besøk i Værlandet og Bulandet om hausten vil garantert gje deg mange fine og kontrastfylte opplevingar. På Værlandet Havhotell kan du finne haustroen, uansett kva som er formålet med turen ut til øyriket vårt – hjarteleg velkommen til oss i haust 🙂
SEPTEMBER
Vi tilbyr overnatting med frukost. Dette er ikkje inkludert i standard rompris, men må bestillast i tillegg.
Les meir om frukosten vår HER
OKTOBER og NOVEMBER
Vi tilbyr overnatting til litt lågare prisar. Vi leverer ikkje frukost.
NB! Gjestar med gåvekort inkl frukost får frukost levert til rommet uansett månad : )
Matservering hausten 2024
Værlandet Havhotell har eit enkelt tilbod om catering til gjestane våre i midtveke. I tillegg til dette, er det mogleg å kjøpe middag på kafèen Jungeltelegrafen på Joker Værlandet på tirsdagar og torsdagar. I helgar er det matservering på Hamnaholmen som er i gåavstand frå oss. Les meir om kva både vi og andre aktørar kan tilby:
TILBOD MATSERVERING HAUSTEN 2024
Matservering til grupper
I midtveke kan vi levere ein varmrett om de er ei gruppe på minst 6 personar. Ta kontakt i god tid for meir informasjon om dette.
Er du interessert i KRABBE eller SJØKREPS?
Spør oss om kontaktinfo til aktørar som tilbyr dette 🙂
TILRETTELAGT FOR SJØLVHUSHALD
Alle romma våre er innreia med minikjøkken utstyrt for enkel matlaging. Les meir HER
PRISAR PÅ OVERNATTING
Sjekk prisar og tilgjengelegheit her: ONLINE BOOKING
Er du interessert i familierom/to-roms? Ta direkte kontakt med oss for prisar på dette.
Dette er alltid inkludert i prisane våre:
- oppreia sengar
- eit stort og eit lite handkle til kvar gjest
- handsåpe, dusjsåpe/shampo og toalettpapir
- utvask
- gratis wifi
TING Å GJERE PÅ NÅR DU ER PÅ BESØK
Sjå nettsida vår om AKTIVITETAR
Tips til innandørsaktivitet i haust – ta med deg badekle og besøk: Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall 🙂
VINTERSTENGT
Vi stenger for ordinær drift i perioden 02.des-02.febr.
Sak oppdatert 31.08.24
STORMWATCHING Værlandet og Bulandet: