Værlandet Havhotell Haustkampanje – Værlandet Havhotell

Haustkampanje

Foto: VHH/Finurlig

Værlandet Havhotell, og det unike øysamfunnet vårt, er den perfekte staden for haustrekreasjon.

Eit besøk i Værlandet og Bulandet om hausten vil garantert gje deg mange fine og kontrastfylte opplevingar. Har du lyst til å reise til ein stad der du kan finne litt haustro i ein elles travel kvardag? Då er du hjarteleg velkommen til avslappande haustdagar på Værlandet Havhotell : )

HAUSTKAMPANJE – 15% avslag på ordinære prisar i heile oktober 2021

I haust får du 15% rabatt på dei ordinære prisane våre ved bestilling av opphald i oktober. Priseksempel:

  • 1 natt i dobbeltrom/enkeltrom inkl frukost kr 1615,-/1479,- (ord.pris 1900,-/1740,-)
  • 2 netter i dobbeltrom/enkeltrom inkl frukost kr 2805,-/2533,- (ord.pris 3300,-/2980,-)

For å få denne rabatten, må du bestille direkte hos oss – og ikkje via andre bookingselskap.

Kva må du gjere for å få 15% rabatt?:)

Du kan bestille online, sende epost eller ringe til oss. Ved online bestilling, legg du inn rabattkoden HAUST i rabattkodefeltet der, og prisen vert redusert med 15%.

NB! Rabatten gjeld ved opphald i oktober 2021.

Her finn du booking- og kontaktinformasjon:

BOOKING OG KONTAKT

Langtidsopphald i september og oktober

Vi har gode prisar på langtidsopphald i lågsesong. Ta kontakt med oss på epost eller telefon for meir informasjon om dette.

Foto: VHH/Finurlig