I 2015 førte satsinga på reiseliv på Værlandet og Bulandet til stiftinga av sals- og marknadsføringsselskapet Destinasjon Vest. Dagleg leiar Lena Innbjør Riisnes har mange jarn i elden, mellom anna som ansvarleg for bookinga til Værlandet Havhotell.
Værlandet og Bulandet har mykje å by på som mål for feriar og turar, og no har Lena Innbjør Riisnes fått i oppgåve å gjere folk i heile verda kjent med kvalitetane til øyriket.
Om du er ein av dei som alt er overbevist om at Værlandet og Bulandet må opplevast, og treng ein stad å bu, kan du kontakte Lena på telefon (+47 993 21 740) eller e-post (post@destinasjonvest.no) for å booke ei overnatting hos oss.
Du kan og besøke destinasjonvest.no for å lese meir om kva tilbod og aktivitetar som finst her ute.