Værlandet Havhotell Mat hos Værlandet Gjestehamn – Værlandet Havhotell

Mat hos Værlandet Gjestehamn

Familieverksemda Værlandet Gjestehamn ligg idyllisk til i ei lun vik på Værlandet, ca 150 meter frå havhotellet. Inne i kroa kan våre gjestar mellom anna få servert fiskerettar etter lokal oppskrift, med råvarer rett frå havet. Lokal hjort og villsau står også på menyen, så her er det mat for ein kvar smak.

Men Værlandet Gjestehamn er og mykje meir enn berre ei kro. Der finn du bibliotek, leikerom/møterom, og ein pub med sitt eige Alden øl, utvikla i samarbeid med Kinn Bryggjeri. Utanfor kroa finst det både flytekaier og faste kaier med treskjørt som båtfolket kan nytte.

Besøk www.vaerlandet.no for å lese meir om tilboda til Værlandet Gjestehamn.

Kontakt:
Tlf.: 95 77 80 71 / 577 31128
E-post: gry.leite@enivest.net