Værlandet Havhotell Førjulspause på ein unik stad? – Værlandet Havhotell

Førjulspause på ein unik stad?

Foto: Arne Beck

I år vert det ei spesiell og utfordrande adventstid for mange. Sjølv om årets førjulstid vil verte svært annleis og krevande for mange, er det eit håp om at tøffe tiltak vil gje oss alle ei tilnærma normal julehøgtid å sjå fram til

Det er ikkje alltid so mykje som skal til for å få eit pusterom i kvardagen. Kanskje du lurer på om det går an å reise vekk nokre dagar? Sjølv i desse (korona) tider…?

Værlandet Havhotell, og øysamfunnet Værlandet/Bulandet, er ein unik og trygg stad å reise til. Her er det GOD plass, du kan gå tur i fine turløyper, sjå på bølgjer som bryt mot land, sykle mellom holmar og skjær, lese ei bok, planlegge jula? 😉 – eller kanskje ikkje gjere so veldig mykje anna enn å sjå på havet og vèret rett utanfor vindauga – frå innsida av eit lunt rom. Kort sagt:

på Værlandet Havhotell kan du berre VERE – og finne ro og fred – litt utanfor allfarvei 🙂

Pakkar og prisar i perioden 13.nov – 13.des

Vi har ein FØRJULSPAKKE som kan bestillast i november og desember. Dette er ein weekendpakke med 2 overnattingar (fre-sun). Beskrivelse av pakken:

  • 2 overnattingar inkl. sengetøy/handklede/toalettartiklar/utvask
  • frukost levert på døra kl 09.00 kvar morgon
  • enkelt kveldsmåltid på dag 1
  • middag levert dag 2 (tidspunkt etter avtale)
  • sein utsjekk sundag

Pris: 1950,- per pers for 2 netter.

For bestilling av denne pakken, og/eller meir informasjon:

send epost til: post@vaerlandethavhotell.com

Andre prisar (gjeldande i perioden 13.11-13.12)

Priseksempel:

  • Ei natt i dobbeltrom inkl frukost helg/midtveke:  1900,-/1700,-
  • Ei natt i dobbeltrom utan frukost helg/midtveke: 1580,-/1380,-
  • 2 netter i dobbeltrom inkl frukost helg/midtveke: 3300,-/2900,-
  • 2 netter i dobbeltrom utan frukost helg/midtveke: 2660,-/2260,-

Spør oss gjerne om gode prisar på opphald lenger enn 2 netter, prisar enkeltrom, eller gode prisar for barnefamiliar i denne perioden.

Det er mogleg å bestille enkle middagsrettar levert til rommet (catering) – då treng vi i tilfelle bestilling seinast dagen før de kjem. Les meir om kva tilbod vi har ⇒  MAT

Trygg reise til oss ♥ Trygg inn- og utsjekk ♥ Trygt opphald

Reisa til oss, og inn-/utsjekk

  • Den tryggaste måten å reise til oss på er å ha med eigen bil. Opphald deg mest mogleg i bilen under ferjeturen til/frå Værlandet.
  • Nøkkelen står i døra ved ankomst (du får adresseanvisning)
  • Nøkkelen kan leggast i ei postkasse ved avreise
  • Vi fakturerer for opphaldet

Mat under opphaldet

For dei som ynskjer det, leverer vi fersklaga frukost på døra om morgonen. Vi kan òg levere enkel catering til rommet (les meir om dette i tekst ovanfor). Ynskjer du å lage maten sjølv, er ikkje dette noko problem – det er eit praktisk utstyrt minikjøkken i alle bueiningar. Når det gjeld kjøp av matvarer, er det trygt å eventuelt handle dette på Jokerbutikken. -og sender du oss ei handleliste, leverer vi gjerne varer til rommet : )

Reinhald/smitteverntiltak

Værlandet Havhotell føl NHO Reiseliv sin bransjenorm for handtering av smitteverntiltak ved norske hotell- og overnattingsbedrifter. Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer meir informasjon om kva tiltak vi har.

Anna

Det er ytterdør inn til kvart hotellrom, noko som betyr at gjestane våre slepp å opphalde seg i fellesareal med andre gjestar.