Værlandet Havhotell Finn arbeidsroen i havgapet – Værlandet Havhotell

Finn arbeidsroen i havgapet

Foto: Finurlig

Ta med bedrifta di til ein unik møtestad. Bu tett på havet, og nyt kjensla av å vere heilt nær elementa på Værlandet Havhotell. 

Vi legg til rette for samlingar for både små- og større grupper i samarbeid med ulike aktørar i Værlandet og Bulandet. Dersom de er ei lita gruppe, har vi plass i vårt eige opphalds- og møterom* med same utsikt som på bildet ovanfor ; ) Er de ei større gruppe, samarbeider vi med andre bedrifter i Værlandet og Bulandet som tilbyr møterom og matservering.

De kan velge mellom ulike dagpakkar med mat og aktivitetar. Når det gjeld aktivitetar haust/vinter/vår har vi desse tipsa:

  • tur til Alden
  • båttur i øyriket
  • Storm watching – guida «stormtur»
  • sykkeltur til Bulandet
  • omvisning i ulike typar galleri og museum

Overnattingskapasitet

Vi har inntil 20 sengeplassar** hos oss. Ved større grupper samarbeider vi med overnattingsstadar i gåavstand frå oss, eller rorbuer/feriehus i Bulandet.

Priseksempel

«Lunch til lunch – møte» med innhald:

  • Overnatting i Havhotellet
  • Møterom i Havhotellet > 7 pers
  • Kaffi/te/snacks/frukt
  • Lunch x 2, middag, frukost                Kr 2950,- pr pers i enkeltrom

Ta kontakt med oss for meir informasjon, og eit uforpliktande tilbod for akkurat di gruppe på:

tlfnr: 91 73 03 66  eller

epost: post@vaerlandethavhotell.com

 

** I perioden nov-mars 18/19 har vi eit eige opphalds- og møterom i våre lokaler. Vi tilbyr catering levert til dette rommet – eit tilbod som fungerer godt til dei små gruppene våre : )

** Vi har 7 bueiningar der det er mogleg å plassere inntill 20 personar dersom ein kan dele rom og bad. I dei fleste bueiningane våre er det 3-4 sengeplassar. Spør oss gjerne om detaljane for sengekapasiteten : )