
Likar du deg best ved havet i påska? Eller kanskje du har lyst til å prøve noko heilt nytt? ; )
Ta deg gjerne nokre påskeferiedagar hos oss – og få nærkontakt med hav og himmel, frisk luft, og utsikt mot ein endelaus horisont!
Værlandet Havhotell er eit unikt utgongspunkt for gode opplevingar i Værlandet og Bulandet. Du kan vandre i flotte turløyper, ta deg sykkelturar rundt omkring i «øylandet» vårt – og kome attende til hotellrommet for avslapping til ei fantastisk havutsikt.
Frukosten vert levert på døra om morgonen, og kan nytast i fred og ro – med utsikt til hav og himmel. Hvis du vil bestille ein middag eller lunch levert til rommet, kan du velge mellom nokre enkle og velsmakande rettar frå vår eigen Cateringmeny.
Det er òg mogleg å tilberede enkle måltid på hotellromma – alle bueiningar har godt utstyrt minikjøkken.
Påsketilbod:
- Dobbeltrom ei natt: kr 1800,- pr døgn inkl.frukost. Andre natt kr 1400,- inkl. frukost
- Enkeltrom ei natt kr 1640,- inkl.frukost. Andre natt kr 1240,- inkl. frukost
- Familierom 3-5 gjestar kr 2450,- ei natt inkl frukost. Andre natt kr 1750,– inkl. frukost. Prisane gjeld for familiar med born under 16 år.
For å vere sikker på å få Påskepris, ta kontakt med oss på:
- Telefonnr: 91 73 03 66
- Epost: post@vaerlandethavhotell.com
Du kan òg bestille rom på vår Onlinebooking. Skriv «PÅSKEPRIS» i kommentarfeltet, so fiksar vi : )
NB! Prisane gjeld for opphald i perioden fredag 12.april – sundag 21.april.
Påskeaktivitetar i øyane
- Onsdag 17.april: Familiearrangementet «Kjekt på Gjørøy»
- Onsdag 17.april: Påskemiddag på Havsalaten kjøkken & bar
Velkommen til fine og avslappande påskedagar hos oss!
