Værlandet Havhotell Grupper – Værlandet Havhotell

Grupper

Foto: Finurlig

Vi legg til rette for samlingar for både små- og større grupper i samarbeid med ulike aktørar i Værlandet og Bulandet.

Overnattingskapasitet

Vi har 8 rom/bueiningar som kan leigast ut som enkeltrom og dobbeltrom. 6 av romma kan brukast som familierom med 4-5 sengeplassar. I desse romma er det mogleg å leige eit ekstrarom med familiekøye. Felles bad i bueininga.

Ved større grupper samarbeider vi med overnattingsstadar i gåavstand frå oss, eller rorbuer/feriehus i Bulandet.