Værlandet Havhotell BOOKING OG KONTAKT – Værlandet Havhotell

BOOKING OG KONTAKT

ONLINE BOOKING:  Booking · Værlandet Havhotell (easynetbooking.com)

E-POST:  post@vaerlandethavhotell.com

BOOKINGTELEFON:  +47 917 30 366  (NB! Kontortid: kl. 09.00-21.00)

FACEBOOK:  Facebook 

ADRESSE OG KONTAKTINFO

Værlandet Havhotell er lokalisert på denne adressa:
Værøyhamnen 57/59 – 6986 Værlandet

Forretnings-/kontoradresse er:
Værlandet Havhotell AS – Værøyhamnen 57 – 6986  Værlandet

Kontakt:
post@vaerlandethavhotell.com
+47 917 30 366  (09:00–21:00)

 


HENVENDELSAR TIL OSS

Værlandet Havhotell er ei lita bedrift med få tilsette, og har derfor ikkje fast døgnbemanna resepsjon eller administrasjon.

Kontortider:

 Alle dagar kl. 09:00–21:00

Nettbestilling:

Praktisk informasjon for gjester:

  • Gjestar kan til ei kvar tid kontakte vår døgnvakt på eige telefonnummer. Dette vert oppgitt i melding før ankomst, og informasjonen ligg også på rommet.


BOOKING AV OPPHALD – VIKTIG INFORMASJON

Prisar og tilgjengelegheit

  • Sjekk kalenderen i ONLINE BOOKING for prisar og ledige rom.

  • Frukost er ikkje inkludert i romprisane. Dette kan bestillast som eit tillegg. Det kostar kr. 200,- pr. pers. pr. dag og blir levert på hotellrommet ditt. Frukosten kan du bestille når du bookar rommet, eller på e-post.

  • Oppgradering til Familierom (2-roms leilegheit) må avtalast direkte med oss.

Innsjekk på sundag

  • Normalt ikkje innsjekk på sundagar.

  • Ta kontakt dersom du har spørsmål eller ynskjer avvik.

Bruke gåvekort

  • Har du eit gåvekort du vil bruke, må du ta direkte kontakt med oss for å bestille opphaldet. Du kan ikkje booke via booking.com eller andre sider.

HUND

Ynskjer du å ta med hund? Då er det svært viktig at du tek kontakt med oss før du bestiller, slik at vi kan sjekke om vi har ledig rom der det er tillatt for hund. Det kjem eit tillegg på kr kr 500,- per opphald.

 


Våre avbestillingsreglar

Avbestillingsgebyr ved reservasjon av 1-3 rom/bueiningar:

  • Avbestilling seinare enn kl 15:00 TO DAGAR før ankomstdato: 50 % av full pris
  • Avbestilling seinare enn kl 15:00 EIN DAG før ankomstdato: 100 % av full pris

Avbestillingsgebyr ved reservasjon av 4-8 rom/bueiningar:

  • Avbestilling seinare enn kl 15:00 TI DAGAR før ankomstdato: 50 % av full pris
  • Avbestilling seinare enn kl 15:00 TO DAGAR før ankomstdato: 100 % av full pris

Boende gjester som sjekker ut før avtalt avreisedato vil ikkje verte refundert for avbestillte netter.

Vi anbefalar at ein har reiseforsikring som dekkar evt avbestillingskostnadar.