Værlandet Havhotell Aktivitetar – Værlandet Havhotell

Aktivitetar

Tips til aktivitetar når du er på besøk i Værlandet og Bulandet:

Naturen her på øyane er rett utanfor døra, og moglegheitene for opplevingar er mange. Du kan utforske området på sykkel, ta ein båttur til den majestetiske Alden, eller prøve kajakk på eiga hand.

For dei som likar utfordringar og leik, kan Nettside Stolpejakten vere spennande, medan turløyper tek deg gjennom spektakulær natur og gir høve til å nyte stilla, fuglelivet og dei vakre utsiktene.

Det er mykje å oppdage her, og alle finn aktivitetar som passar for seg.

📸 Falkeblikk
📸 Falkeblikk

 


Utleige av syklar på Værlandet Havhotell

Bestill direkte hos oss på tlfnr: 91730366 eller på epost: post@vaerlandethavhotell.com


Båtskyss til Alden, Utleige av båt eller kajakk

Gry Leite tlfnr: 905 51 334

Hallen – Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall

Opplev aktivitet og avslapping i Bulandet Fleirbrukshall. Hallen opna offisielt i juni 2024 og tilbyr eit breitt spekter av fasilitetar for både kropp og sjel. Her finn du symjebasseng, treningsrom, eit avslappingsrom med tropisk stemning, buldrevegg og mykje meir.

Hallen er perfekt for ein aktiv dag med familie eller vener, eller for å slappe av og nyte litt ekstra velvære. Følg med på oppdateringar og arrangement på Facebook for å få med deg alt som skjer.  FACEBOOK.

 


Symjehallen i Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall. Fleirbrukshallen har adresse:  Hellersøyvegen 88, Bulandet.