Velkommen til ei hotelloppleving litt utanom det vanlege
Værlandet Havhotell er eit LEILIGHETSHOTELL som tilbyr unik overnatting med hotellstandard og flott havutsikt frå alle rom.
- Vi har totalt 8 rom
- Vi har 6 rom som kan oppgraderast til familierom (to-roms bueining)
- Vi tilbyr frukost på bestilling alle dagar i perioden mai-september
- Vi har minikjøkken i alle bueiningar
- Vi har skjenkeløyve
Nedanfor finn du utfyllande informasjon:
Innsjekk og utsjekk
Innsjekk: frå kl 15.00
Utsjekk: seinast kl 11.00 (sundagar seinast kl 12.00)
INNSJEKK OG UTSJEKK – Praktisk informasjon
I sesongen 2024 har vi ikkje fast resepsjonsstad. Det vil hovudsakleg vere eit tilbod om sjølvbetjent inn- og utsjekk:
- Gjestane får informasjon om det praktiske når det gjeld nøkkelutlevering m.m. på sms eller epost før ankomst
- Vi vil vere tilgjengelege på telefon når vi ventar gjestar – og vere klar til å hjelpe til med det praktiske rundt ankomst/innsjekk om det er behov for det : )
Berre ta kontakt med oss før du kjem om du treng meir informasjon om dette : )
Resepsjon og administrasjon
Værlandet Havhotell har ikkje resepsjon og administrasjon i tilknytning til hotellbygningane.
Les meir om resepsjonsløysingane våre under punktet Innsjekk og Utsjekk.
Når det gjeld henvendelsar til oss – booking og anna – svarar vi på telefon og e-post innanfor visse kontortider. Vi har òg Online Booking. Les meir om korleis du kjem i kontakt med oss HER
DØGNBETJENT VAKTTELEFON
Gjestar som bur hos oss kan kontakte døgnvakt på eit eige tlfnr. Dette vert oppgitt enten før ankomst eller ved innsjekk. Ein finn òg info om dette tlfnr i perm som ligg på rommet.
Kor finn du oss?
- Vi held til på øya Værlandet langt vest i havet i Askvoll kommune i Vestland fylke (gamle Sogn og Fjordane).
- Det er ca 2 timar reisetid med bil frå Førde til Værlandet, og 3-4 timars reise med bil frå Bergen til Værlandet.
- For å komme ut til oss må du ta ferje frå Askvoll (eller Fure) til Værlandet.
- Det er ca 2 km bilveg frå Værlandet ferjekai til Værlandet Havhotell.
Og her finn du oss:
Ferjeruter
Det går bilferje frå Askvoll til Værlandet.
- Overfarten tek ca 1 time
- Det er minst 5 avgongar til Værlandet dei fleste dagane
- Laurdag og sundag har litt andre avgongstider enn dei andre vekedagane
- Det er gratis å reise med ferja
Reisetips
Brukar du Google maps o.l for å få køyrerute til oss, vil vi tipse om at du legg inn Askvoll som reisemål. Då unngår du å få køyrerute til Fure ferjekai som har få direkte avgongar til Værlandet.
For ferjeavgongar mellom Askvoll – Værlandet, sjå nettsida til Fjord 1:
→ Fjord 1
Frukost
Vi leverer frukostpakkar til rommet som ekstrabestilling store deler av sesongen. Det er Joker Værlandet som lagar og leverer frukosten. Frukost kan bestillast ein eller fleire dagar under opphaldet.
Tidspunkt levering frukost: ca. kl 09.00
Vi tilpassar for matallergi, gluten- og/eller laktoseintolleranse – hugs å be om dette seinast dagen før.
Les meir om frukosten vår her: Mat
VER OBS PÅ DETTE:
- I perioden 1.mai-30.september tilbyr vi frukost på bestilling kvar dag
- I månadane oktober og april tilbyr vi frukost på bestilling i helgar*
- I perioden 1.november-30.mars er det ikkje frukostlevering*
*Betalar du med gåvekort der frukost er inkludert, leverer vi frukost uansett dato : )
Kva er med i standard rompris?
- Ferdig oppreia sengar
- Eit sett med stort og lite handkle til kvar gjest i bueininga
- Dusjsåpe, handsåpe, toalettpapir
- Gratis internett
- Utvask
Vi vil presisere at frukost ikkje er inkludert i romprisane i Online Booking.
NB! Det vert ikkje utført dagleg reinhald under fleirdagars opphald, men vi supplerer gjerne med nye handkle og toalettartiklar o.a. undervegs i opphaldet. Om det er behov for lett reinhald, kjem vi innom og utfører dette etter avtale. Dette er inkludert i rompris.
Tilkomst og parkering
Værlandet Havhotell har eigen parkeringsplass rett utanfor hotellbygga + eit større parkeringsområde ca 100 meter frå hotellet.
Hotellet er tilrettelagt for tilkomst med rullestol.
Uteområde
Det er stor fellesterasse og stor fellesaltan til bruk for alle gjestar på hotellet i tilknytning til begge hotellbygningane, og vi har 5 stk utebord med benkar og/eller betongkrakkar på uteområdet. I tillegg finn gjestane benkar på fleire sider av hotellbygningane slik at ein kan kunne sitte ute og sjå den fine havutsikta i lè for fleire av vindretningane.
Det er eigen balkong utanfor kvart hotellrom, og 2 utestolar + eit samanleggbart utebord tilgjengeleg i kvar bueining.
Vi har 2 stk små grillar for utlån.
Kjæledyr
Det er tillatt med hund på eit rom hos oss.
Ta kontakt med oss på førehand for å sjekke om dette rommet er tilgjengeleg.
Tilleggspris for kjæledyr er kr 500,- per opphald.
Våre avbestillingsreglar
Avbestillingsgebyr ved reservasjon av 1-3 rom/bueiningar:
- Avbestilling seinare enn 48 timar før dato for ankomst: 50 % av full pris
- Avbestilling seinare enn 24 timar før dato for ankomst: 100 % av full pris
Avbestillingsgebyr ved reservasjon av 4-8 rom/bueiningar:
- Avbestilling seinare enn 10 dagar før ankomst: 50 % av full pris
- Avbestilling seinare enn 48 timar før dato for ankomst: 100 % av full pris
Vi anbefalar at ein har reiseforsikring som dekkar evt avbestillingskostnadar.
ADRESSE OG KONTAKTINFO
Værlandet Havhotell er lokalisert på denne adressa:
Værøyhamnen 57/59 – 6986 Værlandet
-medan forretningsadressa er:
Værlandet Havhotell AS – v/Elin Blom Vesterås – Værøyhamnen 11 – 6986 Værlandet
Kontakt:
post@vaerlandethavhotell.com
917 30 366 (Bookingtelefon)
970 45 003 (Elin Blom Vesterås, dagleg leiar i Værlandet Havhotell AS)